Fv. 450 (Eidsborgberget) blir heilt stengd 13. april til 29. mai
Informasjon frå Telemark fylkeskommune:
Fylkesvegen har allereie vorte omfattande sikra, no skal vi i gang med den siste etappen av sikringsarbeidet. To av dei krappe hårnålssvingane har i dei tidlegare arbeida vorte bygde kraftig om. Det er arbeidet med å leggje om den tronge «Nedre Snippesvingen» som gjer det nødvendig å stengje vegen heilt i ein periode frå 13. april til 29. mai.
Det er Haugo entreprenør AS som skal utføre arbeidet.
- Vegen skal flyttast om lag tjue meter inn i fjellet på oversida. Skjeringa vil bli opp til 25 meter, derfor vil ho bli sprengd i fleire pallar slik at det blir tre «trappetrinn», opplyser prosjektleiar John Kleiv i Telemark fylkeskommune.
Komplisert arbeid
Arbeidet som skal bli gjort er komplisert og skal gjerast i veldig bratt terreng. Langs heile strekninga der det ikkje vart utført arbeid i fase 1, vil terrenget no reinskast og blir rydda der det er behov.
I tillegg til utvidinga av ein sving, vil det også bli festet mange lange boltar i fjellet for å sikre mot at stein fell ned. Det vil også bli sett opp både sikringsgjerde og nett. Alt dette krev at det blir bora i fjellet. Fordi terrenget er bratt og vegen trong, er det heilt nødvendig å stengje vegen heilt for trafikk i periodar. Den første perioden blir frå midt i april og ut mai. I sommarferien vil det vera ope.
Ferdig før jol
- Arbeidet vil halde på til desember, men vi skal i størst mogleg grad ha vegen open til bestemde klokkeslett morgon og kveld, bortsett frå dei periodane han blir heilt stengt, seier prosjektleiar John Kleiv i Telemark fylkeskommune.
Her kan du lesa meir om arbeidet som blir gjort i Eidsborgberget. Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert
