Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
Minner om fristen for søke om tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket er 1. juni
Føremålet med tilskotsordninga er å ivareta natur- og kulturminneverdiar i jordbrukets kulturlandskap og redusere forureining frå jordbruket, utover det som kan forventast gjennom vanleg jordbruksdrift. Tilskot kan gjevast til føretak som oppfyller vilkår for produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket. Tilskot kan også gjevast eigar av landbrukseigedom dersom areala er bortleigd til jordbruksproduksjon.
I Tokke vert desse tiltaka prioritert:
- dekke over eksisterande gjødsellager
- rydding av gamle kulturbeiter
- restaurering av verna/verneverdige bygningar
Bygningsverntjeneste i Telemark - gratis synfaring for private eigarar av verneverdige bygningar
Har du planar om å restaurere eit verneverdig bygg? Då kan Rådgjevingstenesta Bygningsvern Telemark tilby gratis synfaring! Under synfaringa gjev dei råd om kva tiltak det er behov for og informerer samtidig om tilskotsordningar som er tilgjengelege for huseigar. De kan lese meir, og melde inn behov for ei slik synfaring her: Heim - Bygningsvern Telemark Lenke til et annet nettsted.
Elektronisk søknadsskjema finn du her: Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) - Landbruksdirektoratet Lenke til et annet nettsted.
Har du spørsmål eller har eit prosjekt du vil søkje tilskot til til?
Ta kontakt med jordbruksrådgjevar Gunnhild Breiland, tlf. 35 07 52 42 eller e-post gunnhild.breiland@tokke.kommune.no
Sist oppdatert
