Reguleringsplan høyring Vrengen bru
Forslaget til reguleringsplan for ny Vrengen bru i Tokke er no lagd ut til offentleg ettersyn.
Tida for at den gamle Vrengen bru skal bli erstatta, nærmar seg. No er forslaget til korleis den nye brua skal byggjast, ferdig.
Innspel
I planforslaget blir det lagt opp til utbetring av fylkesvegen i om lag 360 meters lengd, i tillegg til å byggje heilt ny bru. Formålet med planarbeidet er å sikre areal til den nye brua og til å ubedre vegen slik at sikta blir betre og vegen blir utvida til 6,5 meter.
Alle som har innspel til forslaget må sende det skriftleg innan 29. juni no i 2026. Forslaget skal vere merkt med «Innspel til reguleringsplan for Fv. 450 Vrengen bru, sak 25/10713»
Interaktiv dialog i 3D
Innspel kan også gjevast interaktivt via verktøyet «Innbyggjardialog i 3D».
Direkte innspel til planforslaget vil ikkje bli svart på, men alle innspel blir tekne med i vurderinga vidare.
For meir informasjon, og lenker til alle dokument knytt til høyringa, sjå her. Lenke til et annet nettsted.
(Kjelde: Reguleringsplan høyring Vrengen bru - Telemark fylkeskommune Lenke til et annet nettsted.)
Sist oppdatert
