Forslag til føresegner for områderegulering Dalen - Næringsområde 1 - 14
Tokke formannskap vedtok i møte den 13. mai 2026 å legge ut nye føresegner for næringsområda i forslag til områdereguleringsplan på Dalen til ny og avgrensa høyring.
Føremålet med denne endringa er å legge til rette for etablering av datasenter på nokre næringsareal i planen. Det gjeld næringsområda på Vistadmoen, Næringsområde 1-4.
Der ein kan etablere datasenter er det opna opp for høge bygningar og stor utnyttingsgrad. Det kan bli bygningar på opptil 25-30 meter på det høgaste.
Dokument i saka:
Føresegner - Næringsområde 1-14 pdf, 20 kB, åpnes i nytt vindu.
Næringsområde 1-4 Vistadmoen pdf, 2 MB, åpnes i nytt vindu.
Plankart - Austre del pdf, 10 MB, åpnes i nytt vindu.
Plankart - Vestre del pdf, 10 MB, åpnes i nytt vindu.
Særutskrift - Avgrensa høyring for høve til å etablere datasenter innan områdereguleringsplan for Dalen pdf, 98 kB, åpnes i nytt vindu.
Har de kommentarar til forslaget om nye føresegner kan det sendast til postmottak@tokke.kommune.no innan 21. juni 2026.
Ved spørsmål kontakt kommunalsjef for Plan, næring og kultur, Knut Erik Paulsen
Sist oppdatert
