Opningstider for TokkeGym sommaren 2026
Tokke kommune har fått fleire tilbakemeldingar om opningstidene for TokkeGym i sommar. Kommunen har gått gjennom saka på ny og kome til at TokkeGym likevel kan haldast open i sommar.
TokkeGym vil vere ope i perioden måndag 29. juni til og med sundag 2. august:
Måndag til sundag: kl. 06.00–21.30
Det er viktig å presisere at dette berre gjeld sjølve treningslokalet. Andre delar av Tokkehallen vil vere avlåst i perioden. Dette gjeld mellom anna garderobar, dusjar og toalett. Eit toalett ved inngangspartiet vil likevel vera ope, men med redusert reinhald.
Det vil også vere redusert reinhald av sjølve TokkeGym. Alle brukarar må difor vere ekstra nøye med å tørke av apparat og utstyr etter bruk, med klutar og spray som er lagt fram i lokalet.
Dører og vindauge skal vere lukka når det ikkje er personar til stades i lokalet.
For at kommunen skal kunne halde TokkeGym ope i denne perioden, er vi avhengige av at brukarane tek ansvar og viser omsyn til bygget og tilbodet. Dersom det blir observert manglande reinhald etter bruk, opne dører eller vindauge, mindreårige i lokalet, eller personar utan betalt medlemskap, kan TokkeGym bli stengt.
Tokke kommune vil ynskje alle brukarar av TokkeGym på Dalen og i Høydalsmo ein aktiv og sprek sommar 🙂
Sist oppdatert
