Ny i Tokke?

Hjarteleg velkomen skal du vera!

Me ynskjer at du skal ha lett tilgang til informasjon frå oss.
Me har derfor samla nyttig informasjon for nye innbyggarar på nettsida her: Ny i Tokke – tokke.kommune.no Lenke til et annet nettsted.
(For å finne denne sida frå startsida til www.tokke.kommune.no Lenke til et annet nettsted., gå inn på "Velkomen til Tokke".)

Tokke har eit rikt frivilligliv med mange lag og foreiningar. Her kan du engasjere deg i blant anna idrett, musikk og kultur. Dette er ein fin måte å bli kjent med andre på.
For oversikt over kva for lag og organisasjonar me har i kommunen, sjå her. Lenke til et annet nettsted.

Til deg som har flutt til Tokke
Me ynskjer å helse deg velkomen ved å gjeva deg ei lita velkomstpakke. Denne får du ved å ta kontakt med kommunen:
Resepsjonen tlf. 35 07 52 00
E-post: resepsjonen@tokke.kommune.no

Til deg som er elev ved Vest-Telemark vidaregåande skule
Tokke kommune ynskjer også helse deg velkomen, ved å tilby inntil 3 års gratis aktivitetstilbod medan du er elev ved Vest-Telemark vgs.

Årskortet får du på kommunehuset.
Du kan velge eitt av tre tilbod:
- gratis årskort på Tokkegym
- gratis årskort på Tokkebadet, eller
- gratis undervisning i ein aktivitet i kulturskulen (dersom det er kapasitet)

Litt om fritidsaktivitetar i Tokke kommune:

Kulturskule
Hjå oss kan du gå for å lære deg blant anna eit instrument, syngje, danse eller teikne og male. Undervisninga er individuell eller gruppebasera, eller båe, avhengig av disiplin.
For oversikt over tilbod og korleis du kan melde deg på, sjå her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Bibliotek og Kulturhus
Tokke bibliotek og kulturhus har kino, teater, forskjellige arrangement og ikkje minst bøker.
Følg med på Kva skjer Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., Bygdekinoen Lenke til et annet nettsted. og innbyggarappen Friskus.

TokkeGym
TokkeGym er kommunale treningsrom i Høydalsmo og på Dalen som er opne for alle over 16 år. Prisar og opningstider finn du meir om her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Tokkebadet
Tokkebadet er ein kommunal symjehall på Dalen. Det er to basseng eit på 28 grader og eit terapibasseng som held 34 gradar.
Meir informasjon om opningstidene og prisar finn du her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Høydalsmo symjehall
Er open ei periode vinterstid. Meir informasjon kjem.

Tokkehallen
Gjennom idrettslaga kan du være med på aktivitetar i Tokkehallen som klatring, volleyball og liknande.
For meir informasjon om årets aktivitetar sjå på fb-sidene til Idrettslaget Tokke Lenke til et annet nettsted. og Åmdal/Tokke Fotballklubb. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sjå også Høydalsmo IL Lenke til et annet nettsted., Byrte idretts- og grendelag Lenke til et annet nettsted. og Åmdal IL Lenke til et annet nettsted. for andre/fleire aktivitetar.
I Tokke er det også blant anna eigne lag for motorsport.
Fullstendig oversikt over alle lag finn du her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Tokke Frivilligsentral
Frivilligsentralen er ein lokalt forankra møteplass, open for alle som har lyst til å delta i frivillig arbeid, og eit bindeledd mellom menneske, lag og organisasjonar. Frivilligsentralen har også eit utlånslager der du kan låne ski, syklar, SUP-brett og anna gratis.

Ta gjerne kontakt om du har ynskje om aktivitet eller samarbeid, vil låne lokale, vil vera frivillig, ynskjer hjelp til søknadar, eller bare vil ta ein prat.

For meir informasjon sjå her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Innbyggarappen Friskus
For å halde deg oppdatert på viktig informasjon frå kommunen, tilrår me at du lastar ned innbyggarappen Friskus. Då vil du få målretta og nyttig informasjon frå kommunen rett på mobilen. Du vel sjølv kva tema du vil følgje med på, og får varsel når noko nytt skjer. Ser du blant anna etter ledige stillingar i kommunen, så kan du få varsel om dette direkte inn på mobilen.
For meir informasjon om Friskus, og nedlastingslenke, sjå her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Spørsmål?

Me hjelper deg gjerne om du lurar på noko. Ta kontakt med resepsjonen på kommunehuset ,
eller send ein e-post til postmottak@tokke.kommune.no.

Me håpar du vil trivast hjå oss!

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?