Info om beitebruk og gjerding til hytteeigarar

Sau i Byrte
Det er tid for beiteslepp i heia, og me vonar at både beitelag og hytteeigarar gjer det dei kan for at sommarsesongen vert vellukka for både to- og firbeinte.
Tokke kommune vedtok endringar som gjeld gjerding på enkelte reguleringsplanar i 2023. Dette gjeld Hallbjønnsekken Vest, Hallbjønnsekken Sør og Hallbjønnsekken Sør III. Endringa opnar opp for inngjerding av uteareal kring hyttetomter opptil 100 m2 for å halde husdyr borte. Plankart og føresegner finn de her: Reguleringsplanar - TOKKE KOMMUNE Lenke til et annet nettsted.
I den samanheng vart det også laga ein Gjerderettleiar Lenke til et annet nettsted. for Tokke kommune. Rettleiaren gjeld for utmark i heile kommunen, og gjev god info om lovverk, gjerdemåtar og vedlikehald av gjerder.
Me minner særleg om at det ikkje er lov å bruke elektrisk gjerde rundt hytter i utmark. Kommunen vil fylgje opp ulovleg gjerding med synfaring og pålegg om fjerning i løpet av beitesesongen.
Dersom de observerer skadde/sjuke dyr, eller stadbundne sauer som berre oppheld seg i hyttefeltet på Skafsåheia kan de notere ned nummer og farge på øyremerket og gje beskjed til Voilen beitelag. Ved andre spørsmål, ta kontakt med kommunen.
Sist oppdatert
