Årets Skaparkraft trekte mange trass i dårleg vér
Vêret på Dalen viste seg frå mange sider torsdag 4. juni, med både pøsregn, solskin og regnboge over Bandak. Det stoppa likevel ikkje dei rundt 130 som hadde funne vegen til Skaparkraft.
Tekst: Merethe Jørgensdottir Reinskås
Foto: Eirik Stordrange

Rundt 130 møtte opp til årets Skaparkraft på Dalen
For andre året på rad inviterte Tokke kommune til innovasjons- og inspirasjonsarrangementet Skaparkraft.
Tanken har heile vegen vore at også ein liten kommune treng ein stad der idear får liv og folk får inspirasjon til å ta steget, om det er til å skape noko eige eller å knytte kontakter med næringslivet.
Det er dette Skaparkraft handlar om: å vera ein møteplass for å gjera folk nysgjerrige, vise fram moglegheitene som finst og spreie entusiasme, inspirasjon og motivasjon. Forhåpentlegvis gjekk mange heim med ein ny idé, ein ny kontakt eller berre litt meir tru på at det går an å få til noko sjølv.
År nummer to er gjerne den vanskelege oppfølgjaren, men det bar arrangementet ikkje preg av. Med fullt telt og god stemning frå start synte kvelden at Skaparkraft er på veg til å bli ein fast tradisjon på Dalen.

Konferanseier Guro Grytli Seim bandt kvelden saman med stødig hand og godt humør.
Konferansier Guro Grytli Seim heldt stemninga oppe same kva vêret fann på. Ho er sjølv gründer og har mellom anna vore med og starta selskap innan fornybar energi og solteknologi, og har jobba med klima, næringsliv og samfunn både i Noreg og i utlandet. Med god sjølvironi fortalde ho frå scena om solgrillane ho ei gong var med på å lage. Dei enda med å selje best til næraste familie og til nokre «prepparar» i USA – ei påminning om at ikkje alt alltid går etter planen, sjølv med ein god idé.
Frå scena fekk publikum høyre fleire med rot i nærmiljøet. Ida Fosse Nykaas opna Nøsteriet på Dalen for eit år sidan, og delte erfaringane frå det første året. Kyrre Heldal Kartveit fortalde om bakgrunnen for at han er med og dreg i gang Gaukenfestivalen, som har premiere i august. Rådet hans til andre med ein draum var enkelt: finn nokon som vil brette opp ermane saman med deg. Det var òg fint å høyre Olav Urbø fortelje om Brunvoll, ei godt etablert bedrift på Dalen som sit med mykje erfaring og tyngde i næringslivet i Tokke.

Kyrre Heldal Kartveit frå Gaukenfestivalen. Foto: Eirik Stordrange

Ida Fosse Nykaas frå Nøsteriet. Foto: Eirik Stordrange
At innlegget «Skap deg muligheter» til foredragshaldar og rådgjevar Karianne Hartviksen hadde truffe, var lett å høyre i pausa etterpå, der mange framleis var opptekne av det ho hadde sagt. Poenget hennar var at det ikkje berre handlar om å byte jobb, men om å lage seg eit (arbeids)liv ein likar. Ho meinte vegen dit liknar meir på ein skapande prosess enn ein rett strek: finn ut kva du vil, sjå etter problem du kan gjere noko med, tenk ut fleire moglege framtider og prøv dei ut.
Ho snakka òg om det som ofte stoppar folk. Spørsmålet «kva brenn du for?» kan kjennast som ein blindveg, og det er heilt greitt, for åtte av ti brenn ikkje for éin spesiell ting. Me har mange moglegheiter i oss, og vi utviklar oss heile livet. Me lærer dessutan meir av å snakke med folk som har erfaringa, enn av å lese om ho. Rundt 42 prosent av jobbane blir aldri lyste ut, så ein må vere ein del av samtalen for å få tilgang. Det finst ingen fasit, sa ho, og du veit det ikkje før du prøver.

Karianne Hartviksen snakka om korleis ein kan designe eit (arbeids)liv ein likar. Foto: Eirik Stordrange
Tidlegare på dagen heldt ho ein praktisk workshop om sal og synlegheit for lokale bedrifter, «Flere kundar i døra – hva funker egentlig?». Her delte ho konkrete tips og triks om korleis ein blir lagd merke til og kan selje på fleire måtar. Bodskapen var at det ikkje skjer noko før ein gjer noko, og at marknadsføring ikkje handlar om å rope mange ulike ting, men om å seie éin ting på mange måtar.

Jonas Halvorsen Berthelsen i Vibelabs viste kor enkelt det er å byggje sine eigne appar med AI. Foto: Eirik Stordrange
Vibelabs kallar seg Noregs største vibecoding-community. Tanken deira er at kven som helst kan ta ein idé fram til ferdig app på éin dag, med ekte kode, men utan å vera utviklar. Det viste dei med to ferske døme: ein quiz dei hadde laga rett før dei kom til Skaparkraft, og eit lite spel om val av køyrerute, laga fordi Eidsborgberget var stengt. Jonas formidla det med ein smittande entusiasme, og gav eit innblikk i kor mykje som faktisk er mogleg. Det sat att ei kjensle i salen av at dette ikkje er forbeholdt ekspertane: har du litt tid til overs og lyst til å prøve, så er dette innan rekkevidde for nokon og ein kvar.

Thomas Seltzer avslutta kvelden med føredraget "Hva nå, mitt elskede Amerika?". Foto: Eirik Stordrange
Kveldens hovudnamn var Thomas Seltzer, som runda av med føredraget «Hva nå, mitt elskede Amerika?». Den norsk-amerikanske musikaren og programleiaren er kjend som bassist i Turbonegro og frå NRK-program som «Trygdekontoret» og dokumentarserien «UXA – Thomas Seltzers Amerika». For mange av oss har USA blitt som ein thrillerserie det er vanskeleg å sjå seg lei på, på godt og vondt. Seltzer snakka mellom anna om Donald Trump og kretsen av allierte rundt han, deriblant Elon Musk, og om korleis maktspelet i toppen pregar landet. Med eit politisk landskap prega av polarisering og økonomiske utfordringar står amerikanarane framfor store val som også får følgjer for handel, arbeidsliv og maktforhold langt utanfor landegrensene.

Foto: Eirik Stordrange
Arrangementet gjekk for seg utanfor Dalen Mekaniske, som stilte området og fasilitetane til disposisjon. Det passar fint å samlast nettopp her, på eit område som sjølv har vore gjennom ei spennande utvikling dei siste åra. Mellom innslaga var det god summing og mingling blant publikum, og god tid til ein prat over mat og drikke frå Storstøga, Lega og House of Madagascar.
Har du ein idé du går og ber på, ynskjer å utvide nettverket eller berre har lyst til å la deg inspirere, så set av Skaparkraft til neste år.
Eit arrangement som dette er avhengig av mange. Kommunen vil rette ein stor takk til Statkraft, Brunvoll, VTK, Dalen Mekaniske og Dalen Hotel. Utan sponsorane og det lokale næringslivet hadde det ikkje vore mogleg å byggje ein slik møteplass.
Ein stor takk også til kommunens tilsette som har stilt opp både i opprigg, nedrigg og på sjølve kvelden.

Sist oppdatert
