Pårørandeskule for pårørande til personar med demens, hausten 2026

Kva er pårørandeskule?

Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom, og som bur i Vinje eller Tokke kommune. Personen med demens kan bu heime eller på institusjon. Gjennom faglege førelesingar, plenums- og gruppesamtaler får du kunnskap om demens og innsikt i kva følger sjukdommen kan ha for personen med demens, deg som pårørande og øvrige familie. Du treff andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.

Praktiske opplysningar

Stad: Trevet (biblioteket i Åmot)
Påmelding: Innan 20.08.26
Kursavgift: Gratis

Tidspunkt for alle dei fire samlingane er kl 17-19.30. Det blir ei pause midtvegs med enkel servering.

Til foredraget 26/8 vil også tilsette i helsetenesta bli invitert.

For påmelding, kontakt:

Marianne Eriksen, demenskoordinator i Vinje kommune.
Tlf (dagtid): 90 91 44 69
E-post: Marianne.Eriksen@vinje.kommune.no

For meir info og program, sjå her.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?