Helsestasjon for ungdom (HFU) er open heile sommaren

Foto: Colourbox

Treng du nokon å snakke med?

Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit gratis tilbod for deg mellom 13 og 23 år. Her kan du snakke med helsesjukepleiar om det du lurar på – stort eller smått. Dei som jobbar her har teieplikt, så du kan kjenne deg trygg på at det du fortel blir mellom dykk. Du kan kome innom på drop-in, eller bestille time dersom du ynskjer det. Om du har behov for å snakke med jordmor eller lege, hjelper helsesjukepleiar deg med å setje opp time.

Helsesjukepleiar er til stades kvar torsdag kl. 13.30-15.30. Du kan eventuelt også ta kontakt utanom våre opningstider i tidsrommet måndag- fredag
kl. 08-15.30.

Hugs at det er heilt vanleg å ha spørsmål eller ting ein strevar med. På HFU møter du vaksne som lyttar, tek deg på alvor og ynskjer å hjelpe.

Kontaktpersonen på helsestasjonen er helsesjukepleiar Martha Angelica Roholdt, tlf 90 89 37 86.

For meir informasjon, sjå her.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?