Ver varsam i varmen - hugs rikeleg med drikke!
Skal du gå Lårdalstigen? Eller andre krevande turar? Sørg for å ha med rikeleg med drikke.
Det er svært varmt mange stader no, og me oppmodar alle som skal ut på tur om å ta førehandsreglar.
Sørg for å ha med rikeleg med drikke, og planlegg turen etter forholda. Mange bekkar og vasskjelder som ein vanlegvis kan fylle på frå, er no tørre eller har svært lite vatn. Det kan difor vere vanskeleg å få tak i drikke undervegs. Dette gjeld blant anna Lårdalstigen.
Unngå dei lengste og mest krevjande turane midt på dagen, og ta pauser i skuggen.
Ta vare på deg sjølv og andre! 🌞
Sist oppdatert
