Vandring for forandring
Invitasjon til vandring, for menn som har mist nokon i sjølvmord 5. til 6. september.
Menn som har mist nokon dei stod nær i sjølvmord, blir inviterte til å delta på ei vandring langs den gamle pilegrimsvegen mellom Haukeli og Røldal 5.–6. september 2026.
Gjennom historia har menneske lagt ut på vandring med sorgene og bekymringane sine. Å miste ein nærståande i sjølvmord er eit stort tap som ofte fører med seg mange kjensler og spørsmål utan svar. For mange etterlatne kan møtet med andre i same situasjon vere til stor hjelp. I fellesskapet finn ein rom for forståing, anerkjenning og støtte.
Vandringa legg til rette for både samtale og stillheit i naturskjønne omgjevnader. Erfaring viser at det å vere i rørsle ute i naturen kan opne for refleksjon og nye perspektiv. Samtalar kjem ofte lettare, stillheita kjennest annleis, og tankane får høve til å finne nye vegar.
Arrangementet er ope for alle menn som er etterlatne etter sjølvmord, uavhengig av livssyn eller trusretning.
Les meir om arrangementet og meld deg på her. Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert
