Tokke kommune skal utvide dagsenteret ved Tokke helsesenter

No nærmar det seg oppstart på Prosjekt Dagsenteret.

Byggjestart er planlagt til 10. august 2026, og tilbygget skal vera ferdigstilt innan 01.02.2027.

Viking Bygg AS er vald som entreprenør for prosjektet.

I byggjeperioden må ein dessverre rekne med noko redusert tilgang på parkeringsplassar i området. Difor vil besøkande og andre som ferdast ved helse- og omsorgssenteret bli oppmoda om å følgje mellombels skilting og tilvisingar på staden.

Illustrasjonen viser korleis tilbygget er planlagt utforma. Situasjonskartet viser plasseringa av tilbygget.

Prosjektet får 55 prosent tilskot frå Husbanken.

Trykk her for å sjå illustrasjonen i større format. jpg, 1 MB.

Trykk her for å sjå situasjonskartet i større format. png, 380 kB.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?