Tokke kommune er i gang med utviding og oppgradering av Åheim fellesbygg

Arbeidet starta sommaren 2026 og skal etter planen vera ferdigstilt hausten 2026.

Skorve Entreprenør er vald som entreprenør for prosjektet.

Prosjektet omfattar eit nybygg på om lag 85 m² med nye kontor, garderobe og medisinrom. I tillegg skal eksisterande areal oppgraderast, mellom anna HC-toalett, kjøkken og gangareal.

Me skal installere ventilasjon, betre belysninga, og gjera bygget meir universelt uniforma ved å fjerne og tilpasse dørtersklar.
Det skal også installerast sprinkleranlegg i både fellesareala og leilegheitene.

Prosjektet får 55 prosent tilskot frå Husbanken.

Skissa får du opp ein større versjon av ved å trykke her. pdf, 2 MB.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?