Ledig plass i kulturskulen til hausten

Kulturskulen har framleis nokre ledige plassar på fleire tilbod til hausten av!

Kulturskulen har framleis nokre ledige plassar på fleire tilbod til hausten av!

Kulturskulen har eit mangfaldig tilbod, og me har som mål å gje innbyggjarane i kommunen eit fullverdig tilbod innanfor musikk, teater, visuell kunst og dans. Me har både gruppeundervisning og individuell undervisning. Barn og unge har prioritert på alle fag, men om me har plass og kapasitet tar vi inn vaksne elevar på einetimeundervisning. Undervisninga er både på Dalen og i Høydalsmo.

Faste tilbod

  • Drama og teater (Frå 3. klasse)
  • Musikkleik for dei yngste (Frå 5 år)
  • Visuell kunst (Frå 3. klasse)
  • Barnedans (Frå 1. klasse)
  • Korps i Høydalsmo og på Dalen (For alle)
  • Tokke songlag (Blandakor for vaksne)
  • Eine/gruppetimer på instrument (Primært frå 3. klasse)
    - Song
    - Piano
    - Gitar
    - Slagverk
    - Messingblås
    - Band

Påmelding skjer via SpeedAdmin: https://notokke.speedadmin.dk/registration#/ Lenke til et annet nettsted.

Ved spørsmål eller innspel ta kontakt med kulturskulerektor Jardar Østbø Juberg.

Epost: jardar.ostbo.juberg@tokke.kommune.no Tlf: 99 41 26 08

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?