Informasjon om ferdigattest og utsleppsløyve
Tokke kommune oppmodar alle som ikkje har ferdigattest på bygg om å søkje eller melde frå om tiltak som ikkje er søknadspliktig. Ferdigattest kan få betydning ved forsikringssaker og verdi på bygget ved sal.
Det kjem også enkelte tilfelle (me blir kjent med) der det er lagt inn vatn i fritidshytter med konsekvens av at det er bygd avløp for gråvatn. Denne type tiltak treng avløpsløyve og det skal vere høve for avløp og innlagt vatn i reguleringsplanen for hyttefeltet.
Tokke kommune er pliktig å føre tilsyn. Er det eigarar av hus eller fritidsbustadar som manglar løyver eller ferdigattest, er det ynskjeleg at det blir ordna gjennom 2026.
Les meir om regelverk og korleis du søkjer her:
Informasjon om ferdigattest og utsleppsløyve pdf, 209 kB, åpnes i nytt vindu.
Informasjon om utsleppsløyve for private avløpsanlegg pdf, 241 kB, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
