Kredinor handterar no inkasso for Tokke kommune
Frå hausten 2026 er det Kredinor som tek seg av innkrevjing av ubetalte rekningar på vegne av Tokke kommune.
Det betyr at dersom du ikkje betalar ein faktura frå kommunen, kan du få inkassokrav frå Kredinor.
Korleis fylgjer me opp ein ubetalt faktura?
- Først sender kommunen ut ein faktura.
- Dersom du ikkje betalar den, får du eit inkassovarsel frå Kredinor.
- Dersom du framleis ikkje har betalt, blir fakturakravet sendt til inkasso, og du får eit inkassokrav frå Kredinor.
Kvifor tek Kredinor over denne oppgåva?
Kommunen vurderar kontinuerleg om oppgåver kan løysast på andre og meir effektive måtar. Etter ein anbodsrunde vart Kredinor valt til å ta over denne oppgåva.
Kva betyr dette for deg?
- Du vil få informasjon og oppfølging frå Kredinor dersom ein faktura går til inkasso.
- Kommunen har stilt krav om at det skal vere enkelt å kome i kontakt med Kredinor, både for innbyggjarar og næringsliv.
- Det er viktig for oss at innkrevjinga skjer på ein ryddig og respektfull måte.
Har du spørsmål?
Dersom du har spørsmål om ei sak som er sendt til inkasso, skal du no kontakte Kredinor direkte.
Kontaktinformasjon til Kredinor:
- Kundesenter: Telefon 21 60 92 00 (ope måndag til fredag kl. 08.00-18.00)
- Kredinor MinSide, open heile døgeret: www.kredinor.no
- E-post: kundeservice@kredinor.no
Tokke kommune kan ikkje svare på spørsmål om inkassosaker som er utsende
Sist oppdatert
