Saman for eit aldersvenleg samfunn

Illustrasjon: https://www.aldersvennlig.no/
Me blir stadig fleire eldre, og me lever lengre. For mange kjem tida som pensjonist til å vare nesten ein tredjedel av livet. Difor må me syte for at denne tida blir både meiningsfull og tilrettelagt for den enkelte og samfunnet. Dette er målet med regjeringa si satsing på eit aldersvenleg Noreg.
Lokalt i Tokke tek Eldrerådet fatt i denne satsinga frå regjeringa si side, og ynskjer innspel frå innbyggarane på korleis Tokke kommune kan bli enno meir aldersvenleg.
Framover vil møta i eldrerådet bli halde rundt i grendene slik at publikum lettare kan møte opp og koma med innspel til korleis akkurat ditt lokalmiljø kan bli meir aldersvenleg.
Du finn meir informasjon om denne saka på heimesida til «Senter for eit aldersvenleg Noreg» Lenke til et annet nettsted..
Fyrste møte blir måndag 31. august kl 13 på Åmdals Verk samfunnshus. Alle er hjarteleg velkomne til å møte opp og koma med innspel til korleis kommunen generelt og Verket med omland spesielt kan bli meir aldersvenleg.
Sist oppdatert
