Oversikt over haustens gruppetreningar på Frisklivsentralen er no tilgjengelege

*Sirkeltrening

Når: Fredagar kl.10-11 frå 16.oktober
Kor: Elvarheim
Målgruppe: Alle som ynskjer funksjonell styrketrening for heile kroppen. Nivået på treninga vert tilpassa kvar enkelt deltakar.
Booking: Deltaking krev ikkje booking.

*Bassengtrening

Når: Torsdagar kl.10-11 frå 22.oktober
Kor: Tokkebadet
Målgruppe: tilbod til personar som treng ein alternativ treningsmetode, og ikkje kan nytte seg av anna tilbod.
Booking: Deltaking krev booking på www.tokkenett.noLenke til et annet nettsted. Lenke til et annet nettsted.. Maks 10 personar.
Pris: Eigenandel, følgjer takstplakat opp til frikort.

*60+ styrketrening

Når: Tysdagar kl. 10.00 - 11.00 frå 15. september
Kor: Tokkegym
Målgruppe: tilbod for vaksne over 60 år som ynskjer variert styrketrening der ein sjølv har moglegheit for å styre treninga. Fysioterapeut vil vere til stade for rettleiing ved behov.
Booking: Deltaking krev ikkje booking. Om du ynskjer å bli med i gruppa, ta kontakt med fysioterapeutane på førehand.

For meir informasjon om Frisklivsentralen, sjå her.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?