Utlysing av løyve til ervervskøyring med snøskuter i perioden 2026 -2030

Tokke kommune lyser med dette ut løyve til leigekøyring (ervervsløyve) for personar eller verksemder som ynskjer å ta på seg transportoppdrag med snøskuter. Løyva gjeld for perioden 2026-2030.

Løyva vert tildelte i medhald av forskrift for bruk av motorkjøretøy i utmark og på islagte vassdrag § 5 bokstav a.

For perioden 2026-2030 gjeld fylgjande vilkår:

  1. Søkjar må ha organisasjonsnummer. Kommunen vurderer dette som næringsverksemd. Søkjar må vere yrkesaktiv eller arbeidssøkjar.
  2. Søkjar må vere busett i Tokke kommune.
  3. Lokalkjende søkjarar vil bli prioriterte.
  4. Det vert berre gjeve eitt løyve per organisasjonsnummer.
  5. Køyrebok skal sendast kommunen etter kvar sesong, seinast 1. juni. Dersom det ikkje har vore utført køyring i to år på rad, kan løyvet trekkjast tilbake. Det same gjeld dersom køyrebok ikkje vert levert innan fristen.
  6. Namn og telefonnummer til innehavarar av løyve vert publiserte på kommunen si heimeside.
  7. Løyva gjeld til og med 30. april 2030.
  8. Søknaden må innehalde ei grunngjeving for kvifor det er behov for transportløyve. Dette gjeld òg søkjarar som tidlegare har hatt løyve. Grunngjevinga kan vere utslagsgjevande ved tildeling.

Søknad sender du til postmottak@tokke.kommune.no innan 20. oktober 2026.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?