Ombygging av bru/kulvert i Talleiv Huvestads veg

Tokke kommune skal gjennomføre ombygging av bru/kulvert over Berglibekken i Talleiv Huvestads veg.

Bakgrunnen for arbeidet er at dagens bru-/kulvertløysing har for liten kapasitet ved store flaumar. Eksisterande konstruksjon skal derfor byggjast om og erstattast med ei ny løysing med større kapasitet.

Oppstart og framdrift

Arbeidet er planlagt gjennomført hausten 2026. Førebels framdriftsplan er:

  • Veke 40: Entreprenøren startar rigging og førebuande arbeid på området.
  • Veke 41: Arbeidet med etablering av mellombels omkøyringsveg startar.
  • Veke 43: Elementa til den nye brua/kulverten er planlagt levert.

Eksisterande bru vil ikkje bli riven før nokre få dagar før dei nye elementa skal leverast. På denne måten ønskjer ein å halde den ordinære vegen open så lenge som mogleg og redusere perioden der den mellombelse omkøyringsvegen må nyttast.

Arbeidet skal etter planen vera ferdigstilt i løpet av november 2026.

Det kan bli justeringar i framdrifta undervegs, mellom anna som følgje av vêr-, vassførings- eller leveringsforhold.

Mellombels omkøyringsveg

I samband med arbeidet blir det etablert ein mellombels omkøyringsveg. Omkøyringsvegen blir lagt over grøntarealet på oversida av eksisterande bru/kulvert og kopla inn på Talleiv Huvestads veg på begge sider av anleggsområdet.

Trafikken på omkøyringsvegen vil bli ljosregulert, og det må derfor reknast med noko ventetid ved passering.

På grunn av utforminga og den mellombelse standarden på vegen ber vi om at tungtransport over omkøyringsvegen blir avgrensa så langt som mogleg i perioden han er i bruk.

Det vil vera framkomst for nødvendige større køyretøy, mellom anna renovasjonsbil og brannbil.

Mellombels stenging ved montering av bruelement

I samband med heising og montering av element til den nye brua kan det bli nødvendig å stenge omkøyringsvegen i kortare periodar, eventuelt i nokre timar.

Når tidspunktet for dette er avklart, vil bebuarar i området bli varsla med tekstmelding i forkant, slik at ein kan planleggje i høve til den mellombelse stenginga.

Kva kan bebuarane forvente?

Arbeidet vil i periodar medføre anleggstrafikk, gravemaskiner, kran og anna anleggsutstyr i området. Det må også reknast med noko støy, støv og periodar med redusert framkomst.

Vi ber alle som ferdast gjennom området om å følgje skilting og ljosregulering og vise ekstra aktsemd i nærleiken av anleggsområdet.

Tokke kommune beklagar dei ulempene arbeidet kan medføre, og takkar for forståing og tolmod medan arbeidet blir gjennomført.

Kart med forklaringar png, 336 kB.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?