Oppstart av UKM-crew i Tokke og Vinje 2026-2027

UKM står for Ung-Kultur-Møtast og UKM-Crew er ei gruppe ungdom som møtest jamleg for å lære korleis ein arrangerer konsertar, workshops og sceneproduksjonar.

Du treng ikkje kunne noko frå før - det viktigaste er at du er nysgjerrig, har lyst til å lære og vil vere med i eit godt fellesskap.

Me har stort fokus på det sosiale, samarbeid og å bli trygge på kvarandre. På samlingane jobbar me saman med ulike oppgåver, lærer nye ting og planlegg UKM i Tokke og Vinje. Målet er at crewet skal vere med og styre heile UKM i mars!

Tilbodet er for ungdom mellom 13 og 18 år.

Me treng ungdom som:
💡Har gode idear
🎧Vil arbeide bak scena, t.d som lyd/ljosteknikar
🎤 Vil arbeide på scena , t.d som konferansier
🎮 Vil arbeide med å arrangere spel-quest
📑 Er gode på system og lister
🤩 Vil lage noko morosamt for ungdomane i Tokke og Vinje
🎭 Vil gjera litt av alt!

Det er begrensa plassar i crewet. Påmelding og meir informasjon får du ved å klikke på lenka: https://www.ukm.no/arrangement/2026-tokke-vinje-crew-tokkeogvinje Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?