Nytt Natureventyr på Dalen: Bli med på skattejakt i Kvitebjørnens dal
Har du nokon gong drøymt om å bli med på eit ekte eventyr? Om å møte ein kvitebjørn, ei kongeørn, Espen Askeladd eit snakkande tre – og leite etter ein gammal skatt i naturen?
No kan du det! I haustferien lanserte Telemarkskanalen natur- og kulturpark eit nytt natureventyr på Dalen, og du er invitert til å bli helten i historia!
Eventyret kombinerar friluftsliv, lokalhistorie og magisk forteljing, og gjev born og familiar ein ny måte å utforske naturen på.
Natureventyret blei offisielt opna tysdag 29. september, og elevar frå 1. til 4. klasse ved Tokke skule fekk vera dei aller fyrste til å prøve løypa.
(VTB sin artikkel frå opningsdagen finn du her.) Lenke til et annet nettsted.
Gjennom appen Natureventyr blir deltakarane med kanalborna Henrik og Victoria på ei spennande ferd i området rundt Dalen Hotell og Tangane. Undervegs møter dei magiske skapningar, løyser oppgåver og leitar etter ein gammal skatt knytt til historia om Åse Stålekleiv.
Eventyret er skrive av barnebokforfattar Kristine Rui Slettebakken, og er spesiallaga for Dalen. Historia bygger på lokal kulturarv og kjende segner frå Tokke, samtidig som den tek deltakarane med gjennom vakker natur langs Bandak.
For å vera med lastar du ned appen Natureventyr, finn startpunktet ved den vesle parkeringsplassen nær Dalen Hotell, og fylgjer historia vidare gjennom terrenget. Undervegs ventar både quiz, gåter og magiske hjelpemiddel som skal hjelpe deltakarane fram i forteljinga. Turen går på skogssti, over bru og gjennom naturområde, så gode sko og klede etter vêret er tilrådd. Når turen er fullført, kan du hente diplomet ditt på biblioteket på Dalen.
Praktisk informasjon
- Last ned appen Natureventyr (den finn du her Lenke til et annet nettsted.).
- Start ved parkeringsplassen nær Dalen Hotell.
- Turen passar godt for familiar med born.
- Ta med gode sko og klede etter vêret.
Telemarkskanalen natur- og kulturpark har også laga fleire Natureventyr som du kan utforske langs Telemarkskanalen.
Dei finn du ved:
• Kviteseid bygdetun
• Kilen Camping
• Hogga sluse
• Vrangfoss sluse
• Evju bygdetun
• Tinnesåsen på Notodden
• Løveid sluse
Velkomen til ei eventyrleg oppleving!
Sist oppdatert
