Samankomst for lag og foreiningar i Tokke
Me er heldige som har mange frivillige lag og foreiningar i Tokke som tilbyr varierte aktivitetar for innbyggarane.
Tokke kommune ynskjer no å invitere ein representant frå alle lag og foreiningar i kommunen til eit hyggeleg møte på Dalen Hotel, torsdag 5. november 2026 kl. 17.00
Me vil informere om kva kommunen kan hjelpe med, og me ynskjer å høyre kva forventningar de har til kommunen. Det er óg fint å få fram kva for utfordringar og erfaringar de har i drifta.
Dagsorden:
- Informasjon frå kommunen
- Tilskotsordningar
- Tilskotsportalen
- Spelemidlar
- Friskus aktivitetskalender - Presentasjon av Frivilligsentralen v/ leiar Tina Refsnes
- Kort presentasjon frå lag og foreiningar om sin aktivitet
- Middag
Påmelding innan 21. oktober på grunn av matbestilling.
Eventuelle matallergiar må informerast om ved påmelding.
Påmelding:
E-post: resepsjonen@tokke.kommune.no
Telefon: 35 07 52 00
Vel møtt!
Tokke kommune
Ordførar Jarand Felland
Sist oppdatert
