Vaksinering hausten 2026

Tokke kommune har tilbod om vaksinasjon mot influensa, korona og pneumokokk-sjukdom for innbyggjarar i målgruppene.

Dette ein del av det nye nasjonale vaksinasjonsprogrammet for vaksne.

Oppmøte til vaksinering på Tokke legekontor

  • Onsdag 28.10 kl. 16.30-19.30
  • Torsdag 29.10 kl. 16.30-19.30
  • Tysdag 03.11 kl. 16.30-19.30

Influensavaksine (alle over 65 år) kr 308,-.
Koronavaksine (alle over 75 år) kr 110/ 85,-.
Pneumokokkvaksine (alle f. 1960/1961) kr 110/85,-.

Me oppmodar alle i målgruppene om å kome til Tokke legekontor på fellesvaksinasjon. Betaling med mobil/vipps eller bankkort.

Ved feber eller akutt infeksjon, bør ein vente med vaksinering til ein er feberfri.

  • NB! Vaksinasjon mot pneumokokksjukdom til redusert pris er eit tilbod til alle personar fødd i 1961, og dei fødd i 1960 som ikkje vart vaksinert i fjor.

Andre som treng pneumokokkvaksine, må ta kontakt med sin fastlege for resept.

Om du har spørsmål kan du ta kontakt med Tokke legekontor, 35075560.

For meir informasjon om sesongvaksinering, sjå her.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?