Elevar ved Tokke skule ynskjer å gjera ein innsats for andre - treng du hjelp?
På Tokke skule har 8. og 10. klasse eit fag som heiter "innsats for andre". I faget ynskjer elevane blant anna å koma i kontakt med menneske som kunne trengt litt hjelp i kvardagen. Treng du hjelp? Ta kontakt så får du hjelp av dei flinke ungdomane!

Foto: Åshild Bringsvær-Sunde
(Sidan faget er på torsdagar frå kl 12:05 til 13:50, er det berre mogleg med oppdrag på Dalen.)
Informasjon frå elevane:
Frivilig arbeid
Hei! Me er ei gruppe ungdommar som lurar på om du treng hjelp med noko arbeid i heimen. Me har eit skuleprosjekt i faget som heiter "Innsats for andre" der me gjer heilt gratis arbeid for å hjelpe andre med til dømes:
- Plenklyp
- Gå tur med bikkjer
- Rake løv
- Måke snø
- Sope
- Hagearbeid
- Handle mat
- Vaske bil
- Vaske hus
- Innhausting
Om du treng hjelp, så ta kontakt med læraren vår Åshild Bringsvær-Sunde: Tlf. nr.: 951 88 080
Helsing frå oss på "innsats for andre"
Sist oppdatert
