Oppdatert informasjon om ombygging av bru/kulvert i Talleiv Huvestads veg

Tokke kommune viser til tidlegare informasjon sendt ut 1. oktober om arbeidet med bru/kulvert i Talleiv Huvestads veg.

Etter nytt byggemøte med entreprenøren er framdrift og gjennomføring av arbeidet no nærare avklart.

Omkøyringsvegen opnar måndag 2. november

Den mellombelse omkøyringsvegen blir opna for trafikk måndag 2. november 2026.

Frå dette tidspunktet blir den eksisterande vegen over brua/kulverten stengd for trafikk og ferdsel, og vil vere stengd fram til arbeidet med brua og vegen er ferdigstilt.

Trafikken vil i denne perioden gå via den mellombelse omkøyringsvegen. Omkøyringsvegen vil vere ljosregulert.

Mellombels stenging av omkøyringsvegen

I samband med arbeidet og montering av element til den nye brua må den mellombelse omkøyringsvegen stengjast heilt i følgjande tidsrom:

  • Tysdag 3. november kl. 08.30–12.00
  • Torsdag 5. november kl. 12.00–16.00

I desse tidsromma vil det ikkje vere mogleg å køyre eller gå forbi anleggsområdet.

Vi ber derfor bebuarar og andre som nyttar vegen om å planleggje køyring og ferdsel ut frå desse stengingane.

Tokke kommune beklagar ulempene dette medfører og takkar for forståing medan arbeidet blir gjennomført.

Kart med forklaringar png, 336 kB.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?