Frivillige lag kan no søkje om tilskot til inkludering av born og unge
Tilskotet frå Bufdir er no utlyst, og søknadsfristen er 13. november.
Mål og målgruppe
Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle born og unge skal ha moglegheit til meistring og deltaking i samfunnet. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking i ferie- og fritidsaktivitetar og tilbod om sommar- og deltidsjobb. Med samfunnsdeltaking meiner ein tilknyting til fritidsaktivitetar, kulturliv, utdanning, organisasjonsliv og arbeidsliv, i tillegg til demokratisk deltaking.
Målgruppa for ordninga er born og unge i alderen 0–24 år (10–24 år for aktivitetstypen 4–6 opne møteplassar) som av ulike grunnar står i fare for å havne i utanforskap.
Utanforskap handlar om å stå utanfor ulike arenaer eller fellesskap i samfunnet. Det kan til dømes vera å vekse opp i familiar med låg inntekt, eller å mangle sosialt nettverk, tilknyting til skule eller arbeid, og deltaking i fritidsaktivitetar.
Målgruppa bør få høve til å medverke i utviklinga og gjennomføringa av prosjekta.
Krav til søkjarar
- Frivillige organisasjonar og andre aktørar som er registrerte i Frivilligregisteret på søknadstidspunktet, kan søkje om tilskot.
- Verksemder må ha eige organisasjonsnummer, ha hatt aktivitet og vore registrerte i Einingsregisteret i minst to år før søknadstidspunktet. Bufdir kan be om vedtekter, årsmelding og årsrekneskap for dei to siste åra.
- De må vera registrerte i Frivilligregisteret så lenge de mottek tilskot frå ordninga.
Les meir om tilskotet og korleis de søkjer her. Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert
