Smittesporinga har så langt ikkje avdekka nye tilfelle av smitta personar etter tilfellet som vart oppdaga på laurdag. Me har med det god indikasjon for at det  ikkje går føre seg  ukontrollert vidare spreiing i Tokke.

Men hald fram med å fylgje og respektere dei generelle smittevern råda nøye. Det gjeld oss alle - ålmenta, arrangørar, arbeidsplassar  og bedrifter.