Tokke kommune høyrer til Vinje lensmannskontor.

Vinje lensmannskontor er underlagt Midt- og Vest-Telemark lensmannsdistrikt som igjen er underlagt Sør-Øst politidistrikt.

Det er oppretta ein eigen politikontakt for kvar kommune. Politikontakten er det daglege kontaktleddet med kommunane, og er rådgjevar innan kriminalitetsførebyggjande arbeid.

I Tokke kommune er det Bjørn Håvard Olsen som er politikontakt. Han vil i utgangspunktet ha kontordag på kommunehus på onsdagar, men dette kan variere.

Ta kontakt med Bjørn Håvard Olsen på tlf. 480 27 546 eller E-post bjorn.havard.olsen@politiet.no for eventuell avtale.