Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Postliste

Postliste til Tokke kommune frå 01.06.23 finn du her

Postliste til Vest-Telemark Brannvesen IKS frå 01.12.22 finn du her

Alle har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument, med unntak av dokument som ikkje er offentlege heimla i lov. Sjølv om eit dokument kan haldast unna offentleggjering, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel bør kunne gjerast kjent heilt eller delvis (meirinnsyn).
Postjournalen inneheld opplysningar om alle inn- og utgåande brev i sak- arkivsystemet Elements.

Du kan søkje i postlista via Elements publikum og bestille innsyn i dokument. Pga. kvalitetssikring blir opplysingar lagt ut 2 dagar etter journalføring.


Opplysingar om dokument, kan du søkje fram direkte på postlista og fylle ut bestillingsskjema. Krav om innsyn skal avgjerast utan ugrunna opphald, jf offentleglova § 29. Du har rett på svar i løpet av tre virkedagar. Om ikkje svar er motteke i løpet av fem virkedagar, er det å rekne som eit avslag som kan klagast på.

Du kan krevje innsyn i dokument eldre enn 365 dagar skriftleg eller munnleg jf .offentleglova § 28. Innsynskravet må gjelde ei bestemt sak eller type sak. Ta kontakt på tlf. 35 07 52 00, postmottak@tokke.kommune.no.
Når det gjeld innsyn i saker som er arkivert i kommunen sitt fjernarkiv eller depot, må ein rekne med ventetid.

Avslag på krav om innsyn vil koma skriftleg og vil vise til aktuell lovheimel for avslag og opplysing om 3 veker klagefrist jf forvaltningslova § 29. Sjølve klageprosessen er nærare beskrive i offentleglova § 31 og § 32.
Pris for innsyn er i utgangspunktet gratis, jf. lov om rett til innsyn i dokument § 8, men er sidetalet over 100 kan kommunen krevje betalt for utskrifter, kopiar og utsending.

Saker som omhandlar personal er ikkje på postlista.
Pasient- og klientsaker blir ført i eigne fagsystem og postlister frå desse systema blir ikkje publisert på Internet av omsyn til personvernet.
Partsinnsyn er heimla i forvaltningslova § 18. Eventuelle spørsmål om innsyn i slike saker må rettast direkte til aktuell eining.