Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Skatteattest

Ein skatteattest er dokumentasjon på innbetalt meirverdiavgift og skatt og skal ikkje vere eldre enn seks månader. Som leverandør treng du skatteattest dersom du skal levere varer og tenester til stat eller kommune.

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

Du treng skatteattest dersom du skal levere varer og tenester til stat eller kommune. Skatteattest får du ved å vende deg til skatteoppkrevjaren i kommunen (eventuelt til skattekontoret regionalt) eller tinge han frå Altinn (sjå lenkja nedanfor). Før opp fødselsnummer og organisasjonsnummer (der dette finst). Attesten blir sendt til deg innan to arbeidsdagar etter at tinginga er teken imot.

Ein skatteattest er ein dokumentasjon på innbetalt meirverdiavgift og skatt og skal ikkje vere eldre enn seks månader. Som leverandør treng du skatteattest dersom du skal levere varer og tenester til stat eller kommune til ei verd over 500 000 kroner eks mva. Som oppdragsgjevar bør du be om skatteattest frå leverandørane dine dersom du ønskjer å stå fram som ein seriøs kjøpar av varer og tenester.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Samarbeidspartnarar

Skatteetaten organisert som skattekontor i fem regionar. Skattekontoret er ei samling av det tidlegare likningskontoret, skattefutkontoret og fylkesskattekontoret i éin organisasjon regionalt.

Skatteoppkrevjaren i kommunen og skattekontoret regionalt vil kunne gje fleire opplysningar om ordninga med skatteattestar.

aaa

Lover og retningslinjer

Sjå § 7-2 i forskrifta.

Forskrifter

Anskaffelsesforskriften

___
___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:Økonomiavdelinga
Telefon:35075200
Epost:okonomi@tokke.kommune.no
Postadresse:Storvegen 60 3880 DALEN
Besøksadresse:Storvegen 60 3880 DALEN

Andre opplysningar

Oppdatert:2019-05-08 10:45