• Elevar i 1. klasse som har meir enn 2 km mellom heim og skule ein veg, og elevar i 2. –10. klasse som har meir enn 4 km mellom heim og skule  ein veg.
     
  • Elever grunna funksjonshemming, skade eller sjukdom, har eit dokumentert behov for skyss.
     
  • Elevar som har plass i SFO, som grunna funksjonshemming,  skade eller sjukdom, har eit dokumentert behov for skyss.
  • Elevar som ikkje har rett på fri skuleskyss, kan kaupe enkeltbillett, periode eller verdikort. Kan kaupast direkte på buss eller farte.no
     
  • Eleven får ikkje nytt skulekort kvart år, eleven må sjølv taka vare på skulekortet gjennom sumarferien.
  • Har eleven mista eller øydelagt skulekortet må det betalast eit erstatningsgebyr for nytt skulekort. Ta kontakt med skulen som bestiller nytt skulekort til eleven.