Med kriser og ulukker er det viktig at du har tilgang på informasjon om kva som skjer og kva du bør gjere.

Du vil finne meir informasjon på offentlege nettsider, nettaviser, radio, TV og sosiale medier. NRK har eit særskilt ansvar for å bringe offisielle meldingar frå myndigheitene.

Du kan også velje å følge Politiet i Sør-Øst og Sør-Øst 110 på Twitter, som er raskt ute med viktig informasjon.

Vi vil legge ut informasjon på kommunens nettsider og Facebook om kva som har skjedd, kva du bør gjere og korleis du kan få hjelp frå kommunen.

For å kunne motta råd og meldingar via beredskapskanalen NRK P1 bør du ha tilgang til ein DAB-radio som også er batteridriven.

Krisesituasjonar er uoversiktlege, og nokon kan ha eigeninteresser av å spreie feilinformasjon. Ver difor ekstra merksam på at du får informasjon frå pålitelege kjelder.

Dersom straum og mobilnett blir borte

Når straumen går forsvinn ikkje berre ljoset, men også elektrisk oppvarming og moglegheitene for å varme mat og vatn. Straumen kan bli borte i opptil fleire dagar. Er du førebudd?

Ved ekstremver kan straumen forsvinne. Då kan du ikkje lenger bruke elektrisk oppvarming og moglegheitene for å varme mat og vatn blir borte. Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap deler sine råd om korleis du kan førebu deg på straumbortfall.


Mobilnettet kan også falle ut. Nasjonal kommunikasjonsmyndighet har råd til korleis du kan førebu deg på utfall i mobilnettet

Ved større straumbrot blir liv og helse først prioritert, og det kan ta tid før du får straumen tilbake. Difor bør du vere førebudd på å klare deg utan straum i fleire dagar. Tenk igjennom kva du brukar straum til i kvardagen, frå du står opp til du legg deg. Er det noko av dette du ikkje ville klare deg utan?

Med desse enkle grepa er du betre førebudd på at straumen forsvinn.

Oppvarming

Ein vedomn eller ein peis er vanlege alternativ til straum som oppvarming. For deg som har desse alternativa i hus, sørg for å alltid ha eit minimum av ved på lager. Hugs også ekstra fyrstikker eller ein lighter i reserve. Det finns parafin- og gassomnar berekna på husstandar utan moglegheit for annan fyring.

Mat og drikke

Vassforsyninga kan også bli borte når straumen går. Du bør difor alltid ha nokre liter vatn lagra. Til koking og steiking kan du bruke propanapparat og stormkjøkken.
Maten i frysaren kan bli øydelagt viss straumen er lenge borte.

Slik held du frysaren kald lengst mogleg 

Ljos

Ha ein eller fleire lommelykter oppbevart på ein fast og lett tilgjengeleg stad. Ekstra lyspærer og batteri er også lurt å ha. Stearinljos og oljelamper er viktige alternative ljoskjelder. Viss du belagar deg på å bruke oljelampe bør du også ha ekstra lampeolje på lager.

Batteriradio

Med ein batteridriven radio får du høyrt nyhende og meldingar frå myndigheitene. Viss du har bil kan du også bruke radioen der.

Naudstraum

Er du kritisk avhengig av straumforsyning? Med eit naudaggregat er du mindre sårbar for straumbrot.
Eit aggregat er ein motor som går på bensin eller diesel, og som produserer straum. Det finns fleire naudstraumsaggregat på marknaden. Desse får du tak i på byggevarehus og jarnvarehandlarar.

Eit aggregat brukar mykje drivstoff. Skal du oppbevare drivstoff heime, bør du gjere naudsynte brannførebyggjande tiltak. 

Jodtablettar ved atomhendingar

Dagens trusselbilete tilseier at jodtablettar kan bli aktuelt som tiltak ved atomhendingar over heile landet. Europas kjernekraftverk eldast og risikoen for alvorlege ulukker aukar. Ferdselen med reaktordrivne fartøy langs norskekysten er sterkt aukande og ei ulukke med eit slikt fartøy kan gje radioaktive utslipp som rammar Noreg. Sannsynlegheita for terroraksjonar har også auka. Dersom det blir eit utslepp av radioaktivt jod, kan jodtablettar vere eitt av dei tryggjande tiltak som Kriseutvalet for atomberedskap tilrår.