Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Svangerskapsomsorg

Er du gravid, kan du gå til svangerskapskontroll på helsestasjonen. Ta kontakt med helsestasjonen du høyrer til for å tinge time.

Svangerskapskontrollen skal fremme god helse til deg og barnet. Foreldreførebuande kurs skal styrkje foreldra sine kunnskapar og tryggleik om graviditet, fødsel og barselstid.

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

Svangerskapsomsorgen med jordmor på helsestasjonen er eit gratis tilbod til alle gravide. Dette omfattar mellom anna:

- svangersakpskontrollar og rådgjeving med oppfølging.

- opplysningsarbeid, livsstil/ samliv- og foreldrerettleiing.

- etterkontroll og prevensjonsveiledning.

Det blir sett av god tid til svangerskapskontrollane, samtale, informasjon og veiledning. 

Målgruppe

Gravide

Kriterium/vilkår

Alle gravide har ulike behov og me prøvar og tilretteleggje omsorgen slik du har behov for og ynskjer. 

Jordmor er på kontoret to dagar i veka, men pga vaktsamarbeidet på jordmorvakta i Seljord er det er ikkje faste dagar. 

Time hjå jordmor kan du få ved å ringe jordmors kontor eller helsesstasjonen.

Du kan og sende sms eller epost til Jordmor.
(ikkje oppgje sensitiv informasjon på e-post)

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Sjølve svangerskapskontrollane inneheld             

  • Blodtrykk
  • Urinkontroll    
  • Vekt  
  • Lytte til barnets hjerteslag 
  • Måle korleis barnet veks i magen
  • Rekvirere blodprøver      
  • Jordmor kan og henvise til ultralyd, gynekolog og fødepoliklinikk dersom det er behov for dette og utføre graviditetstest

Førebuande samtaler inneheld m.a.

  • Ventetida
  • Amming
  • Fødsel
  • Barseltida

Du får info./evt. bestille time for omvisning på føde/barselavdelinga i Skien. Ynskjer du ein annan fødestad enn Skien formidlar jordmor kontakt dit.

Gravide i Tokke kommune har tilbod om fylgjeteneste til fødeavdelinga i Skien.

Det er tilbod om at jordmor kjem på heimebesøk etter fødsel.

I svangerskapet er det frivillig å gå til jordmor eller lege eller vekselvis begge.

Pasient og tolk. En brosjyre om tolk i helsetjenesten
Stiftelsen Amathea - gratis veiledning
Hjelpetilbud i kommunen
helsenorge.no - graviditet og fødsel

Samarbeidspartnarar

Jordmorberedskap i Vest-Telemark:

Det er døgnkontinuerleg jordmorvakt i Seljord som du kan kontakte ved akutte ting i svangerskapet, ved fødselstart eller i barseltida.

Telefon 350 216 24.  Adresse: Jakob Naadladsveg 28, 3840 Seljord 

Skulle du ikkje få kontakt med vakthavande jordmor, ring

35 00 47 64 (fødeavd. i Skien)

aaa

Lover og retningslinjer

Dette er ei lovpålagd teneste. 

Lover

Forvaltningsloven
Pasient- og brukerrettighetsloven

Forskrifter

Forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten

___

Vedlegg

Jordmorberedskap i Vest-Telemark

Klagemulighet

Dersom du meiner at du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:Tokke helsestasjon
Telefon:35 07 55 50
Epost:postmottak@tokke.kommune.no
Postadresse:Storvegen 60 3880 DALEN
Besøksadresse:Revahaugvegen 6 3880 DALEN

Andre opplysningar

Oppdatert:2019-05-08 10:45