Barnehage

Tokke kommune eig og driv Byrte barnehage, Dalen barnehage, Høydalsmo barnehage og Åmdals Verk barnehage.

Barnehagane som er eigd av Tokke kommune skal drivast i samsvar med Barnehagelova og dei føresegner og retningsliner som til ei kvar tid er fastsette av departementet, rammeplan for barnehagar og kommunale vedtak.

Alle barnehagane i kommunen skal samarbeide om opptak av barn.

Hovudopptak skjer om våren, og etter det har me løpande opptak ved ledig kapasitet.

Søknad om barnehageplass skjer på elektronisk skjema

Opningstider finn du under informasjonsdelen på den enkelte barnehage.

Fann du det du leita etter?