Høydalsmo skule
Høydalsmo skule er ein mellomstor skule etter Vest-Telemark-standard med 1. - 10. klasse. Barneskulen er fådela og har 4 klasser. Ungdomsskulen har 3 klasser.
Skulen ligg eksepsjonelt flott til med naturen rett utafor glaset. Me har tilgang til vatn med strond, sandvolleyballbane, fotballbane med løpebane og eit flott terreng til turar, orientering og ski. Skulen har eit godt og trygt miljø som elevar og lærarar trivast i.
HØY-aktuelt informasjon til føresette
Velkommen til nytt skuleår pdf, 143 kB, åpnes i nytt vindu.
Presentasjon av personalet pdf, 174 kB, åpnes i nytt vindu.
Verksemdsplan pdf, 180 kB, åpnes i nytt vindu.
Kjerneverdiane docx, 29 kB, åpnes i nytt vindu.
Info om mjølkeordning pdf, 217 kB, åpnes i nytt vindu. Tine skulelyst Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Skuletransport og skulekort docx, 56 kB, åpnes i nytt vindu.
Skuledagane
1-4 klasse: måndag, tysdag, onsdag, og fredag kl. 08:45 - 14:25
Torsdag fri.
5-10 klasse: måndag - fredag kl. 08:45 - 14:25
Dagplan docx, 13 kB, åpnes i nytt vindu.
FAU/SU/SMU
Alle foreldre som har born i skulen, er medlem av skulens foreldreråd. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval (FAU) som er foreldrestemmen overfor skulen.
FAU skal mellom anna sikre reell medverknad frå foreldre og ha medansvar for læringsmiljøet til elevane er trygt og godt. FAU skal representere alle foreldre ved skulen og bidra til at samarbeidet mellom heim og skule er godt.
FAU er heimla i opplæringslova § 10-5
Oppgåver for FAU
- Jobber for eit godt skulemiljø
- Ta initiativ til sosiale aktivitetar for elevane
- Informere og høyre alle foreldre om aktuelle saker
- Arrangere samlingar for foreldre og lærarar
- Samarbeide med elevråd, SU, SMU, KFU, rektor og lærarar
- Etablere kontakt mellom skule og lokalsamfunn
Samarbeidsutval (SU)
Samarbeidsutvalet er skulen sitt øvste rådgjevande organ og der er alle partane i skulen representert: elever, foreldre, undervisningspersonalet, andre tilsette og to representantar frå kommunen, der rektor skal vere den eine. SU har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.
SU kan uttale seg om fylgjande
- Forslag til budsjett
- Verksemd- og utviklingsplanar for skulen
- Plan for heim-skule-samarbeid
- Skulevurdering
- Planar for ombygging og vedlikehald av skuleanlegga
- Prinsipp for val av bøker til skulearbeid
- Fritidsaktivitetar
- Skuleskyss
- Trafikkforhold og korleis skulevegen kan sikrast
- Ordensreglement
Skulemiljøutvalet (SMU), kva seier lovverket?
Skulemiljøutvalet skal jobbe for at skulen, tilsette, elevar og foreldre bidrar aktivt for å skape eit godt skulemiljø. Skulemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulemiljø (Opplæringslova § 10).
Alle elevar i grunnskulen og vidaregåande opplæring har rett til eit trygt og godt skulemiljø. Dette inneber at skulen sitt fysiske og psykososiale miljø skal fremje helse, inkludering, trivsel og læring (Opplæringslova § 12).
Kva gjer eit skulemiljøutval?
- Skulemiljøutvalet skal arbeide for ein aktiv deltaking frå elevar, foreldre og skulen i arbeidet med skulemiljøet.
- Utvalet har rett til å uttale seg om arbeidet med skulemiljøet.
Kven skal vere med i SMU?
- Elevar og føresette skal til saman vere i fleirtal
- Leiinga og tilsette på skulen skal vere representert
- Kommunen som skuleeigar
Om du ynskjer informasjon om kven som sit i dei ulike utvala, kan du ta direkte kontakt med skulen.
Prisar
Skulefritidsordning
Pris for måltid blir fastsett etter kostpris. Satsane for måltida heng saman med matvarepris, og blir difor prisindeksjustert januar.
SFO | PRIS |
|---|---|
Fast tilbod | 35,- pr. time |
Kjøpetime (ikkje fast tilbod) | 60,- pr. time |
Kjøpedagar i feriar | 240,- pr. dag |
Betaling for kost (eit måltid i veka) | 30,- pr veke |
Det er 30% syskenmoderasjon for barn nummer to. Frå og med barn nummer tre er plassen 50%.
Haust og vinterferie er med i det vanlege tilbodet utan ekstra betaling.
Foreldre kan kjøpe ekstra dagar til dagspris i jole-, påske- og skulesommarferie.
Påmeldinga er bindande og dannar grunnlag for fakturering. Ein skal betale for heile dagar i feriane.
Sist oppdatert
