Kulturskule
Velkomen til Tokke kulturskule!
Hjå oss kan du gå for å lære deg eit instrument, syngje, danse eller teikne og male.
Undervisninga er individuell eller gruppebasera, eller båe, avhengig av disiplin.
Trykk her for sjå faga våre og sende søknad Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
All inn- og utmelding foregår gjennom fagsystemet SpeedAdmin, og her finn eleven også timetidspunktet sitt, kontaktinformasjon til lærar og anna nyttig info.
Vi har løpande opptak, og elever som søkjer vil få svar om dei får plass eller står på venteliste innan seinast eit par veker.
Vil du melde deg av, må dette også skje gjennom SpeedAdmin.
Hovudopptaket- og utmeldingsfrist er 1. juni og 1. desember for komande halvår.
Kulturskulen fyljer skuleruta for grunnskulane i Tokke. Kulturskulen har 36 undervisningsveker. Noko undervising kan falle bort ved arrangement som Kulturveka og liknande.
Nedst på denne sida finn du liste over alle disiplinar for inneverande halvår med dagar og tidar, lærarar, aldersgrenser osb.
Fylg med på nettsida, lokale plakatar og på facebook for å få med deg konsertar og andre nyhende!
Ta kontakt med rektor ved spørsmål eller utfordringar!
Elevopptak
Kulturskulen er ein inkluderande læringsarena, og alle som bur i kommunen kan søke plass i kulturskulen. Kulturskulen prioriterer born og unge, men me tek inn vaksne ved ledig kapasitet.
Under tilbod inn du meir informasjon om aktivitetane og anbefalte målgrupper.
Opptak til kulturskulen
Søknadsfrist 1. juni
Elevane bind seg for eit halvt år/ eit semester/ eit kurs ved påmelding. Påmeldinga er bindande til du skriftleg melder deg ut av kurset/ kulturskulen. OBS! kulturskuleelevar som er under 18 år går automatisk over i nytt semester.
Elevar som ikkje får plass ved opptak 1. juni eller som søker etter fristen blir satt på venteliste og blir kontakta av lærar ved ledig plass.
Elevar eldre en 18 år må årleg søke undervisningsplass.
Prioritering ved opptak
1. elevar i grunnskulealder
2. elevar i vidaregåande utdanning
3. elevar over 18 år
4. søkarar frå andre kommunar
Oppseiing av plass
for haustsemesteret er fristen 1. juni
for vårsemesteret er fristen 1. desember
utmeldingar mellom 1. juni og semesterstart vert fakturert med eit administrasjonsgebyr, jamført vedtektene.
Ved manglande oppseiing vert det fakturert for det kommande halvår.
Prisoversikt
Timar og utstyr | Pris |
|---|---|
Enkelttimar (30 min) | kr 3407 pr. år (kr 1703 pr. halvår) |
Gruppetimar 3-4 elevar pr. gruppe (45 min) | kr 1789 pr. år (kr 895 pr. halvår) |
Gruppetimar stor gruppe (dans, visuell kunst, kor) | kr 1030 pr. år (kr 515 pr. halvår) |
Leige av instrument | kr 400 pr. semester |
(NB! Den enkelte må forsikre instrumentet - innboforsikring)
Syskenmoderasjon:
Det er 50 % syskenmoderasjon for barn nummer to eller fleire.
Born med fleire tilbod:
Full pris på fyrste tilbod, deretter 25 % rabatt på påfølgande tilbod.
Vaksne:
3 % pristillegg på alle tilbod.
Tilsette
Lærarar
| Siri Møller Holst | Rektor, messing og musikkleik | 41 07 42 62 |
| Helga Raunholm Jordan | Korps og messing Dalen | 97 00 79 56 |
| Trine Storlien Sørensen | Visuell kunst | 99 29 75 86 |
| Ragnhild Stigen | Korps og messing Høydalsmo | 48 15 85 71 |
| Jardar Østbø Juberg | Gitar | 99 41 26 08 |
| Mattias Cyvin Storås | Slagverk og fele | 92 69 43 49 |
| Jori Gjelland Lid | Teater, barnedans, kveding | 95 45 90 38 |
| Svetlana Sheytanova | Piano og song | 91 00 24 14 |
Dirigentar, korps
- Helga Raunholm Jordan
- Ragnhild Stigen
Administrasjon
- Siri Møller-Holst kulturskulerektor. Tlf 35 07 52 28/41 07 42 62
- Anne Marit Roholdt, lokal dks og fakturering. Tlf 35 07 53 10
Sist oppdatert
