SFO

Skulefritidsordninga skal vere noko anna enn skule og barnehage, og er ikkje ein del av skulen.

SFO skal vere ein trygg opphaldsplass for barna utover skuletida, gje barna omsorg og tilsyn, legge til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar og vere tilpassa barna og foreldra sine behov.

Skolefritidsordningen (SFO)- regjeringen.no Lenke til et annet nettsted.

Begge  SFO - ordningane i kommunen er opne heile året, med unntak av vekene 27, 28, 29 og 30 i juli.

SFO ligg under kvar barneskule med rektor som ansvarleg, men med dagleg leiar som fagleg ansvarleg.  

Elevar på 1. -3. trinn har 12 timar gratis SFO. Fråtrekket på 12 timar pr. veke ligg som trekk i fakturagrunnlaget kvar månad. Foreldre treng ikkje å søke på denne ordninga.

Elevar med særskilde behov har rett på SFO-plass på 5.-7.trinn. Tilbodet skal vere gratis bortsett frå kostpengar. Tilbodet er avhengig av søknad. Bruk  Foreldreportalen Visma Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.  

Vedtekter for SFO pdf, 319 kB, åpnes i nytt vindu.

Fann du det du leita etter?