Tokke Skule

Tokke skule er ein kombinera barne- og ungdomskule. Det er omlag 170 elevar på skulen. Elevane i barneskulen kjem frå Skafså, Byrte, Mo, Åmdals verk og Dalen. Skulen har skulefritidsordning for 1. - 4. klasse.

Skulen har eit flott uteområde med mange aktivitetar som klatrestativ, basketbane, volleyballbane, slåballbane, ulike paradis, huskestativ, sklier og fotballbane. 

1-4 klasse: måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 08:15 - 13:50 
Torsdag fri.

5-10 klasse: måndag - fredag kl. 08:15 - 13:50

Alle foreldre som har born i skulen, er medlem av skulens foreldreråd. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval (FAU) som er foreldrestemmen overfor skulen.

FAU skal mellom anna sikre reell medverknad frå foreldre og ha medansvar for læringsmiljøet til elevane er trygt og godt. FAU skal representere alle foreldre ved skulen og bidra til at samarbeidet mellom heim og skule er godt.

FAU er heimla i opplæringslova § 11-4

Oppgåver for FAU

  • Jobber for eit godt skulemiljø
  • Ta initiativ til sosiale aktivitetar for elevane
  • Informere og høyre alle foreldre om aktuelle saker
  • Arrangere samlingar for foreldre og lærarar
  • Samarbeide med elevråd, SU, SMU, KFU, rektor og lærarar
  • Etablere kontakt mellom skule og lokalsamfunn

Samarbeidsutval (SU)

Samarbeidsutvalet er skulen sitt øvste rådgjevande organ og der er alle partane i skulen representert: elever, foreldre, undervisningspersonalet, andre tilsette og to representantar frå kommunen, der rektor skal vere den eine. SU har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.

SU kan uttale seg om fylgjande

  • Forslag til budsjett
  • Verksemd- og utviklingsplanar for skulen
  • Plan for heim-skule-samarbeid
  • Skulevurdering
  • Planar for ombygging og vedlikehald av skuleanlegga
  • Prinsipp for val av bøker til skulearbeid
  • Fritidsaktivitetar
  • Skuleskyss
  • Trafikkforhold og korleis skulevegen kan sikrast
  • Ordensreglement

 

Om du ynskjer informasjon om kven som sit i dei ulike utvala, kan du ta direkte kontakt med skulen.

Prisar

Pris for måltid blir fastsett etter kostpris. Satsane for måltida heng saman med matvarepris, og blir difor prisindeksjustert januar.

Skriv tabellbeskrivelse her

SFO

PRIS

Fast tilbod

35,- pr. time

Kjøpetime (ikkje fast tilbod)

60,- pr. time

Kjøpedagar i feriar

240,- pr. dag

Betaling for kost (eit måltid i veka)

30,- pr veke

Det er 30% syskenmoderasjon for barn nummer to. Frå og med barn nummer tre er plassen 50%.

Haust og vinterferie er med i det vanlege tilbodet utan ekstra betaling.

Foreldre kan kjøpe ekstra dagar til dagspris i jole-, påske- og skulesommarferie.

Påmeldinga er bindande og dannar grunnlag for fakturering. Ein skal betale for heile dagar i feriane.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?