PPT Vest-Telemark
PPT Vest-Telemark består av kommunane Vinje, Tokke og Fyresdal. Vunje er vertskommune.
PP-tenesta hjelper barnehagar og skular med å legge til rette for barn og elevar med ulike behov for tilrettelegging. Hensikta er at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod.
Utfordringar og bekymring
Utfordringar kan vera knytt opp til faglege og/eller sosiale vanskar. PPT behandlar både ekeltsaker/elevsaker og systemsaker viss barnehagen eller skulen opplever utfordringar i gruppa/klassa. PPT skal også kartlegge, gje råd, og utarbeide sakkunnig vurdering for barn og elevar som har behov for spesialpedagogiske tiltak.
Er du som føresett bekymra for eige barns utvikling, og/eller opplæring, rådar me dykk til at de fyrst tek kontakt med skulen eller barnehagen, slik at de kan drøfte om det kan vera behov for eit tilvising til PPT.
Teieplikt
Opplysningar om barnet eller eleven er unntatt offentlegheit og blir ikkje gjeve vidare utan samtykke frå føresette.
Klage
Du kan klage på alle vedtak som kommunen fattar.
Dette kan blant anna gjelde vedtak knytt til spesialpedagogisk hjelp (individuell tilrettelagt opplæring, behandlingstid og tildeling av tenester).
Saksbehandling av klage blir regulert etter forvaltningslova.
Du sender klage til din kommune.
Sist oppdatert
