Kommunens arbeid med beredskap
Kommunal beredskap er heimla i Sivilbeskyttelselova og har følgjande føremålsparagraf, § 1.
Lovas føremål er å beskytte liv, helse, miljø, materielle verdiar og kritisk infrastruktur ved bruk av ikkje-militær makt når riket er i krig, når krig trugar, når rikets sjølvstende eller tryggleik er i fare, og ved uønska hendingar i fredstid.
Førebygging er vår viktigaste oppgåve når det gjeld hendingar som trugar sentrale samfunnsinstitusjonar, vår felles tryggleik eller den enkelte sin tryggleikskjensle. Kommunal beredskap handlar om å trygge innbyggarane gjennom godt planverk og praktiske tiltak.
Beredskapsarbeidet bygger på fire grunnleggande prinsipp:
Ansvarsprinsippet
Den organisasjon som har ansvar for eit fagområde i ein normalsituasjon, har også ansvaret for nødvendige beredskapsførebuingar og for å handtere ekstraordinære hendingar på området. Ansvarleg instans må ta stilling til kva som er akseptabel risiko.
Likskapsprinsippet
Den organisasjon ein opererer med under kriser, skal i utgangspunktet vere mest mogleg lik den organisasjon ein har til dagleg.
Nærleiksprinsippet
Kriser skal organisatorisk handterast på lågast mogleg nivå.
Samvirkeprinsippet
Myndigheiter, verksemder og einingar har eit sjølvstendig ansvar for å sikre eit best mogleg samvirke med relevante aktørar og verksemder i arbeidet med førebygging, beredskap og krisehandtering.
Sist oppdatert
