Slik kan du førebu deg
Ein viktig del av di førebuing er at du veit korleis du blir varsla om ei krise og kvar du kan få meir informasjon. Ha ein plan for kven du kan be om hjelp og korleis du kan hjelpe andre. Korleis vil du og dine næraste klare dykk dersom straumen blir borte i ei lengre periode? Kva gjer du dersom vatnet forsvinn? Kva om du ikkje får handla
på ei veke? Eigenberedskap inneber å vere førebudd på slike situasjonar
Norske styresmakter anbefalar at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølve i éi veke. Dette fordi kommunane og naudetatane må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise. Dersom fleire av oss er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei vi har rundt oss, vil det styrkje det norske totalforsvaret – altså summen av samfunnsressursane for å førebyggje og handtere krise og krig.
Styrk eigenberedskapen din!
God eigenberedskap er ei investering i tryggleik for deg og dine nærmaste.
Ved å følgje desse råda blir du betre i stand til å handtere alt frå små hendingar i kvardagen til større kriser.
I tillegg bidreg du til at styresmaktene kan prioritere dei som treng hjelpa mest.
Her kan du laste ned sjekkliste for eigenberedskap. pdf, 507 kB.
(Informasjon om eigenberedskap er henta frå www.dsb.no)
Informasjon og kommunikasjon i kriser
Informasjon frå kommunen vil bli lagt ut på kommunens heimeside, Friskus og Facebook.
Ved ei krise er det viktig at du får informasjon frå styresmaktene om kva som skjer, og kva du bør gjere. Førebu deg difor på korleis du skal få informasjon dersom straumnett, mobilnett eller Internett sluttar å fungere.
Søk informasjon frå kanalane til styresmaktene og frå redaktørstyrte journalistiske medium som er pålagde å følgje Ver varsam-plakaten og redaktørplakaten. NRK P1 er beredskapskanalen som skal sikre
informasjon til publikum også i situasjonar der andre nyheitsmedium og offentlege nettstader er utilgjengelege.
- Ha ein DAB-radio som fungerer også når straumen er borte. Det finst ulike variantar som går på batteri, eller som blir lada med solceller eller sveiv. Hugs at du kan høyre radio eller lade mobilen i bilen.
- Ha ein batteribank som du ladar opp med jamne mellomrom.
- Skriv ned viktige telefonnummer på papir i tilfelle du må låne ein telefon.
- Sjekk om kommunen din har møteplassar eller andre ordningar du kan nytte for å få informasjon dersom straumnettet og telenettet er nede.
- Dersom du har tilgang til Internett, men mobilnettet ikkje fungerer: Sjekk om du kan aktivere tale over Wi-Fi på telefonen, og om du har appar på telefonen som kommuniserer over Internett.
- Finn ut om familie eller naboar har abonnement som er knytte til eit anna mobilnett enn det du bruker.
Ver kjeldekritisk
Krisesituasjonar er uoversiktlege, og feilinformasjon kan lett spreie seg. Dette kan skje fordi sjølve krisesituasjonen skaper forvirring og mistydingar. Eller fordi nokon med vilje spreier feilinformasjon, til dømes for å destabilisere samfunnet. Ettersom vala du tek, blir påverka av informasjonen du får, er
det viktig at du sjekkar informasjonskjeldene dine og tenkjer over kva slags informasjon du deler vidare
Varsling
Naudvarsel er ei teneste frå norske styresmakter. Ved ein alvorleg situasjon med akutt fare for liv og helse kan du få eit naudvarsel på mobilen, under føresetnad av at du har 4G- eller 5G-dekning.
Mat og vatn
Vatn
Vassforsyninga kan også bli borte når straumen går. Du bør difor alltid ha nokre liter vatn lagra.
Du treng vatn til drikke, matlaging og hygiene. Ved å lagre rundt 20 liter drikkevatn per person dekkjer du minimumsbehovet for éi uke dersom noko skulle skje med vatnet i springen. Delar av væskebehovet kan dekkast med jus, brus og andre alkoholfrie drikker. Eitt alternativ er å kjøpe dunkar eller flasker med vatn i butikk.
Ei anna løysing er at du sjølv fyller vatn frå springen. Slik går du fram:
Reingjering
- Vask flasker eller dunkar med såpe og vatn, og skyl godt.
- Fyll på vatn, og tilsett to korkar med klorin per 10 liter vatn. La stå i minst 30 minutt. Tøm ut og skyl godt.
Fylling
- Fyll dunkane eller flaskene heilt fulle med kaldt vatn frå springen.
Lagring
- Lagre vatnet på ein mørk og kjøleg stad der det ikkje blir utsett for direkte sollys.
- Reint vatn på reine behaldarar kan lagrast i årevis utan at det blir farleg å drikke
Mat
I ei krise er det ikkje sikkert at du får handla mat. Du bør difor ha nok mat for ei veke til alle i husstanden. Tenk gjennom korleis du skal lage mat dersom du ikkje har straum eller vatn.
- Pass på at du har litt ekstra av den maten du et til vanleg. Ved å handle før du går tom, sørgjer du for at du alltid har ein reserve i bakhand.
- Ha eit ekstra lager med matvarer som har lang haldbarheit og kan lagrast i romtemperatur. Dette kan til dømes vere knekkebrød, havregryn, hermetiske linser og bønner, påleggshermetikk, energibarar, tørka frukt, sjokolade, honning, kjeks og nøtter.
- Døme på langtidshaldbar mat som krev varmebehandling, er pasta, ris, posesuppe, mjøl, middagshermetikk og frysetørka mat.
- Tenk over om det er matvarer som nokon i husstanden er avhengige av eller ikkje toler.
- Viss du har tenkt å lage mat på stormkjøken, gassbluss eller gassgrill, bør du sjekke med jamne mellomrom at utstyret fungerer og er i god stand.
Slik held du frysaren kald lengst mogleg Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Varme og ljos
Dei fleste bustader har elektrisitet som viktigaste kjelde til oppvarming. I mange heimar er straum einaste varmekjelde. Dersom det skulle oppstå straumbrot om vinteren, kan det fort bli kaldt og mørkt innandørs. Du bør difor ha ein reserveplan for å halde varmen.
Vi anbefalar at du har følgjande heime:
- Varme klede og pledd, dyner eller soveposar.
- Eit lager med stearinlys og fyrstikker eller lighter.
- Lommelykter eller hovudlykter for å sjå i mørket (hugs ekstra batteri)
Alternativ oppvarming
- Sørg for at eldstad og pipe er godkjende og i god stand, og sjå til at du har nok ved.
- Gass- eller parafinomn som er berekna på bruk innandørs, er eit alternativ ved straumbrot.
- Naudstraum i form av aggregat eller batteri med 230 volts uttak, kan også vere verdt å vurdere. Pass då berre på å setje deg godt inn i reglane og råda for trygg bruk.
Hjelp kvarandre
- Dersom straumbrotet blir langvarig og du ikkje har alternativ oppvarming: Avtal med naboar, familie eller venner om du kan vere hos dei.
- Har du sjølv alternativ oppvarming til straum, og kjenner nokon som ikkje har det? Vurder om du kan tilby dei å vere hos deg ved ei krise.
Legemiddel
I ei krise kan det vere vanskeleg å kome gjennom på medisinsk naudnummer eller hjå legekontoret/legevakta. Dette betyr at det er viktig å kunne grunnleggjande fyrstehjelp og ha fyrstehjelpsutstyr heime.
- Lær deg grunnleggjande førstehjelp dersom du har høve til det.
- Ha førstehjelpsutstyr liggjande heime. Viss du har bil, bør du ha førstehjelpsutstyr også i bilen.
- Ha eit reservelager av legemiddel og medisinsk utstyr du bruker regelmessig. Lageret bør rekkje til minst sju dagar. Gjer det til ein vane at du hentar ny forsyning seinast éi veke før du går tom.
- Ha jodtablettar liggjande (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande). Tablettane kan beskytte mot radioaktivt jod ved atomulukker, men skal berre takast etter beskjed frå styresmaktene
Psykisk helse i kriser
Ved kriser og situasjonar prega av uvisse er det normalt å oppleve bekymring, negative tankar, dårleg søvn, uro og andre sterke kjensler. Enkelte blir meir påverka enn andre.
- Bruk tida på det du kan gjere noko med. Sysselset deg gjerne med noko konkret som kan hjelpe deg å samle tankane og vere til stades.
- Forsøk så langt det går å halde fram med rutinane du er van med, til dømes faste måltid og personleg hygiene.
- Oppsøk andre menneske. Ta kontakt med vener, familie og andre dersom det let seg gjere. Sosial kontakt gjev oss høve til å dele tankane våre og måtane vi handterer ting på
Felles eigenberedskap / beredskapsvenn
Samarbeid og fellesskap er ein stor ressurs ved kriser. Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje, og korleis de skal klare dykk saman.
Finn ein beredskapsvenn
Finn ut kven som kan trenge hjelpa di, og kven du sjølv kan få hjelp frå. Familiemedlemmar, vennar og naboar kan utfylle kvarandre ved at dei har ulike eigenskapar og kunnskapar.
Her er nokre døme på ting de kan hjelpe kvarandre med:
- Førstehjelp ved skadar.
- Omsorg og støtte.
- Opphald og overnatting dersom nokon må evakuerast frå heimen sin.
- Omsetjing og forklaring av informasjon frå styresmaktene.
- Praktisk hjelp til bruk av utstyr og verktøy.
- Innkjøp, bering og transport.
- Byte eller bytelån av utstyr og varer.
- Lån av mobiltelefon som er kopla til eit anna nett.
- Felles matlaging
Sist oppdatert
