Buplikt ved kjøp av eigedom
Dersom du ønskjer å kjøpe eit bustadhus og du ikkje vil forplikte deg til å nytte eigedommen som heilårsbustad av deg sjølv eller andre, må du søkje om konsesjon.
Kommunen ønskjer å leggje til rette for levande lokalsamfunn og sikre busetjinga ved at bustadeigedommar i størst mogleg grad blir nytta som heilårsbustader. Dersom du ynskjer å busette deg på eigedomen, leverar du eit eigenfråsegn om konsesjonsfridom til kommunen.
Utfyllt og signert eigenfråsegn eller konsesjonssøknad sendast til postmottak@tokke.kommune.no.
Målgruppe
Bustadkjøparar i område med nedsett konsesjonsgrense (buplikt).
Kriterium/vilkår
Du må søkje konsesjon ved kjøp av:
- Utbygd eigedom som er eller har vore i bruk som heilårsbustad
- Eigedom med bustadbygging som ikkje er teken i bruk som heilårsbustad, i område som er regulert til bustadføremål (gjeld også eigedom med busetnad under oppføring)
- Tomt utan oppført bustad som er regulert til bustadføremål
Relatert informasjon
Prisar
Konsesjon og deling
| Pris | |
|---|---|
| Konsesjon med administrativ handsaming | kr 2056 |
| Konsesjon med politisk handsaming | kr 5140 |
| Delingssaker etter jordlova §12 | kr 2056 |
Sist oppdatert
