Byggesak

Her finn du informasjon som gjeld byggesak.

For enkel og effektiv handsaming av byggesøknaden er det viktig at du leverer ein komplett søknad på ein av desse måtane:

Papir

Du kan få søknadspapir på kommunehuset eller du kan skrive dei ut her  - desse fyller du ut og sender pr post til Tokke kommune, Storvegen 80, 3880 Dalen

Epost

Du kan gjerne sende inn byggesøknaden på e-post til: postmottak@tokke.kommune.no - søknad som hovuddokument og kvart vedlegg for seg sjølv for enklast behandling. Søknadar skal ikkje sendast direkte til sakshandsamar.  

Elektronisk

Du kan også nytte elektronisk søknadsskjema Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. for utfylling og levering av byggesøknaden din.

Tak gjerne kontakt om du lurar på noko.

Byggetiltak som ikkje krev søknad eller løyve jf plan- og bygningslova § 20-5


Enkelte mindre tiltak kan gjennomførast utan kommunal sakshandsaming dersom dei elles er i tråd med gjeldande plan, men nokre viktige føresetnader må vera oppfylt.

Dersom eit byggetiltak fører til fare eller urimeleg ulempe for omgjevnaden  eller allmenne interesser, vil ikkje vilkåra for unntak vera oppfylt. I tillegg må tiltaket vera i tråd med føringar frå andre styresmakter t.d. Statens Vegvesen, kulturminnevern osb. 


Plan og bygningslova § 20-5.  Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

 

Nyttige tips om tiltak som ikkje krev søknad. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Byggetiltak der tiltakshavar sjølv kan stå ansvarleg jf plan- og bygningslova § 20-4


Denne søknadstypa har ikkje så omfattande krav til dokumentasjon og sakshandsaming som ein full søknad. I desse sakene har tiltakshavar sjølv eit ansvar for at tiltaket oppfyller alle krav som er gjeve med heimel i plan- og bygningslova. Avhengig av tiltakets vanskegrad og eigen kompetanse, kan det være nødvendig med byggfagleg bistand.

Dei vanlegaste tiltaka som er omfatta av denne type søknadar er mindre uthus, garasjar og tilbygg. 


Plan og bygningslova § 20-4 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

 

Nyttige tips om tiltak du kan søke om sjølv. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. 

Byggetiltak som krev full søknad med ansvarlege føretak jf plan- og bygningslova § 20-3


I dei tiltaka som ikkje er nemnde over, skal ein levere fullstendig søknad. Slike søknader skal sendast inn av profesjonelle aktørar som skal ha nødvendig kunnskap om plan- og bygningslovas reglar. 


Kommunen krev at slik kunnskap dokumenterast gjennom utdanning og praksis, eller ved at det føreligg sentral godkjenning. Det er og krav til slik dokumentasjon for prosjektering, utføring og kontroll av byggetiltak som er søknadspliktig.


Plan og bygningslova § 20-3. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Kommunen får ofte spørsmål om kva ein må gjere dersom ein bygning manglar bruksløyve eller ferdigattest. Dette kan vere særleg aktuelt dersom ein skal selje.

Du kan lese meir om dette her:
Når det manglar feridigattest - korleis avslutte gamle byggjesaker docx, 286 kB, åpnes i nytt vindu.

Har du spørsmål knytt til byggesøknader eller kva som er søknadspliktige tiltak, kan du ta kontakt med byggjesakshandsamar. Der er lurt å avtale tid på førehand.

Dersom sakshandsamar ikkje er til stades, ta kontakt med Tokke kommune på tlf 35 07 52 00 eller bruk e-post: postmottak@tokke.kommune.no

Prisar

Skriv tabellbeskrivelse her
Pkt 1.0 ReguleringsplanarPris
Pkt 1.1Handsaming av nytt planforslag, krav om planprogramkr 32 404
 Tillegg pr tomt over 20 tomter kr 813
 Pkt 1.2Handsaming av nytt planforslag kr 24 185
 Tillegg pr tomt over 20 tomterkr 813
 Pkt 1.3Endring av plan som som krev høyring jf Pbl § 12-14kr 17 358
 Pkt 1.4Mindre vesentleg endring av plan jf Pbl § 12-14kr 4 837
Pkt 2.0 Dispensasjonar 
Pkt 2.1Disp som krev og politisk handsamingkr 8 090
Pkt 2.2Mindre disp byggjereglar, adm handsamingkr 3 210
 Gebyr for handsaming for saka fyljer i tillegg 
Pkt 3.0Tiltak jf Pbl § 20-1 
Pkt 3.1Nybygg fritidsbustad/hytte inntil 80 m2 BYAkr 12 842
 Nybygg fritidsbustad/hytte over 80 m2 BYAkr 25 929
Pkt 3.2 Søknadspliktige tiltak kr 12 842
 Søknadspliktige tiltak låg sats kr 6 421
Pkt 3.3 Søknadspliktige små tiltak som riving, bruksendring, skilting og midlertidige tiltak, endringsløyve.kr 3 210
Pkt 4.0 Tiltak jf Pbl § 20-4 
Pkt 4.1 Mindre tiltak som kan utførast av tiltakshavarkr 3 210
Pkt 4.2Landbruksbygg BRA/BYA > 200 m2 jf Pbl 20-4 bkr 6 421
Pkt 5.0 Godkjenning av føretak jf Pbl § 22, SAK § 9-1 
Pkt 5.1 Lokal godkjenning av ansvarsrett kr 1 637
Pkt 6.0 Utsleppsløyve 
Pkt 6.1 Etter forurensingsforskrifta kap 12 (0-50 pe) kr 12 842
Pkt 6.2Etter forurensingsforskrifta kap 12 (Gråvatn)kr 6 421
Pkt 6.3 Etter forurensingsforskrifta kap 14 (50-2000 pe)kr 25 929
Pkt 7.0Ferdigattest/bruksløyve  
 Ferdigattest jf Pbl § 21-10 kr 0 
Pkt 8.0Avslag på søknad 50% gebyrreduksjon 



I saker som er lite arbeidskrevjande kan det vurderast å gjeva inntil 50% gebyrreduksjon. Betaling kjer etter dei satsar som gjeld på det tidspunktet fullstendig søknad ligg føre. Satsane kan regulerast kvart år i samband med budsjetthandsaminga.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?