Seksjonering
Seksjonering er ein måte å organisere sameige av fast eigedom på. Ein eigarseksjon vil vere ei eiga juridisk eining som kan omsetjast og nyttast uavhengig av resten av eigedomen.
Seksjonering eignar seg mellom anna for oppdeling av bustadsblokker og horisontaldelte to- og firemannsbustader.
Reseksjonering er å endre på gjeldande seksjonera eigedom.
Kva må søkjar gjere
Du må søkje om seksjonering/reseksjonering på eige skjema fastsett av departementet.
Kvar skal søknaden leverast
Søknad med original signatur leverast enten på kommunehuset i Tokke eller med post
- Tokke kommune, Storvegen 60, 3880 Dalen
Kva gjer kommunen
- Søknaden din vert handsama i kommunen.
- Har søknaden manglar eller blir av ein eller annan grunn avslegen, vil du bli varsla om dette.
- Blir søknaden din godkjend, vil du og andre aktuelle partar bli varsla om det.
- Kommunen registrerar seksjoneringa i matrikkelen og sender til tinglysing når klagefristen på vedtak om godkjent seksjonering er ute.
- Etter at saka er tinglyst sender me tinglyste dokument og matrikkelbrev som inneheld oppdaterte opplysningar om din eigedom til deg.
Sist oppdatert