Ledige bustadtomter

Kommunale bustadtomter

Kommunale bustadtomter som var gratis tidlegare er nå prissatt til kr. 30.000,-.
Prisane står i kommunekart.

Skøyte til eigedomen blir fyrst tinglyst når kommunen har motteke byggjesøknad.

Byggjearbeidet på tomta må setjast i verk i løpet av eit år etter at skøytet er tinglyst.
Tomta kan ikkje reknast som påbyrja om ikkje vesentlege grunnarbeid er utført, som til dømes grunnmur m.m.

Det er ikkje høve til å overdra ubebygde tomter, utan kommunens samtykke.

Tomter som ikkje er påbyrja inna 1 år etter tinglysing skal overførast tilbake til Tokke kommune vederlagsfritt.

 

I Kommunekart Lenke til et annet nettsted.kan du aktivere kartlaget ledige bustadtomter. Zoom inn på aktuell tettstad for å sjå dei ledige tomtene.

Videofilm av tomtene produsert i samarbeid med Skodde Studio

https://youtu.be/asAjk1nGGK4 Lenke til et annet nettsted.

 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?