Tilskotsordningar

Reglar om tilskot til bygging av bustadhus i spreidd område, rasutgreiing, og til private vass- og kloakkanlegg.

Nye kommunale tilskotsordningar for bustadbygging, private VA – anlegg, m.m. vedteke i Tokke kommunestyre den 12.12.2024 med verknad frå 01.01.2025

1.1. Definisjonar.

  • NS 3940 er norsk standard for utrekning av areal i bustadhus.
  • BA er utrekna areal etter nemnde standard. BA er bruksarealet (BRA) multiplisert med ein bereikn­ingsfaktor.

1.2. Person, par eller sambuarar som byg­gjer i lag og som har heimel til eigedomen er det alderen til den yngste som skal leggast til grunn. Alderen for å få tilskot er når byggjeløyve vert gjeve for nybygg.

1.3. Vert bruken av bustaden endra, t.d. til feriebustad, eller seld innan 5 år etter at tilskotet er gjeve, skal tilskotet betalast attende i høve til den tida som er att av desse 5 åra.

1.4. Det vert ikkje gjeve tilskot til ombygging eller nybygging etter brann.

1.5. Det skal nyttast eige søknadsskjema til alle typar tilskot. Søknad kan sendast på epost til: postmottak@tokke.kommune.no

1.6. Utbetaling av tilskot skjer etter at arbeidet er godkjent av teknisk etat eller at det ligg føre kontrollerklæring.

1.7. Etter kommunen sitt delegasjonsreglement, § 1-6 kan det klagast på eit vedtak som er gjort i høve til desse reglane.

1.8. Dersom tilskotsordninga vert endra eller trekt heilt ut må søknad ligge føre seinast 6 månader etter at reglane er opphøyrt/endra. Vert reglane endra må dette gjerast kjend ved annonsering og lagt ut på kommunen si heimside.

1.9. Definisjon på ungdom under 35 år vil sei fram til og med fødselsdatoen.

Tokke kommune gjev eit tilskot på kr. 100.000 til ungdom under 35 år som byggjer sin eigen bustad for fyrste gong. Bustaden må vere på minst 75 m² utrekna areal (BA) etter NS 3940.

Ny tilskotsordning i samband med krav om rasutgreiing ved bustadbygging utanfor regulerte Felt: 50% maks 50 000 pr utgreiing.
Arealmessige avklaringar må vere gjort før det kan gjevast tilsagn om støtte til rasutgreiing,
dvs at tiltaket er vurdert og avklart i høve til plan og sektorinteresser.

Private kloakkanlegg vert inndelt i 3 kategoriar. Fastsetjing av tilskot er avhengig av den kategori anlegget kjem innunder.

Kategori A: Septiktank med utslepp i infiltra­sjonsgrøft. Kr 25 000

Kategori B: Septiktank med utslepp i kunstig sandfiltergrøft eller sandfilter- basseng. Kr 30 000

Kategori C: Biologisk/kjemisk minireinse­anlegg. Kr 35 000


3.2
Nyanlegg

Tilskot til nyanlegg kan gjevast i samband med bygging av nye bustadhus eller ved bygging av kloakkanlegg til eksisterande hus der det ikkje er anlegg frå før.

3.2.1 Tilskotssatsar.

  • Kategori A - kr 25.000
  • Kategori B - kr 30.000
  • Kategori C - kr 35.000

Dersom fleire byggjer saman skal ikkje tilskotet vere høgare enn 50 % av dokumentert kostnad.

3.2.2. Vilkår for tilskot.

  • Det er eit vilkår for å gje tilskot at avlaupet ikkje kan knytast til offentleg anlegg.
  • Anlegget skal byggjast i samsvar med gjeven utsleppsløyve og etter gjeldande føresegner.
  • Arbeidet skal godkjennast av teknisk etat.
  • Ved fellesanlegg skal søknad om tilskot syne dokumenterte kost­nader. Jfr. pkt. 3.2.1.


3.3. UTBETRING AV EKSISTERANE ANLEGG.

3.3.1. Tilskotssatsar.

For alle anlegg er det ein eigendel på kr 6.900,- som vert trekt frå til­skotsgrunnlaget.

Kategori A: Det vert gjeve eit tilskot på 30 % av kostnader ut over eigneluten.
Maksimalt tilskot pr. husstand er kr 25.000

Kategori B: Det vert gjeve eit tilskot på 50 % av kostnader ut over eigneluten. Maksimalt tilskot pr. husstand er kr 30.000

Kategori C: Det vert gjeve eit tilskot på 60 % av kostnader utover eigneluten. Maksimalt tilskot pr. husstand er kr 35.000

3.3.2. Vilkår for tilskot.

  • Anlegg som er godkjent etter 13. mars 1981, men der arbeidet ikkje er utført etter føresetnadene, vil ikkje få tilskot.
  • Tilskot vert fastsett på grunnlag av dokumenterte/spesifiserte utgifter.
  • Elles gjeld same vilkår som i pkt. 3.2.2.

    *Det vert berre gjeve tilskot til lovlege avløpsordningar. Sandfilteranlegg er ikkje tillate som svartvatn. Det kan gjevast tilskot for våtmarksfilter.

4.1 Nyanlegg - vassforsyning til nye bustadhus.

Av kostnad over kr 6.900,- (eigendel) vert det gjeve eit tilskot på 30 % avgrensa oppover til

kr 25.000.

4.2. UTBETRING AV EKSISTERANDE ANLEGG.
For kostnad over kr 6.900,- vert det gjeve eit tilskot på 25 % avgrensa oppover til kr 25.000.

Ved fellesanlegg vert satsen auka med 5 prosentpoeng for kvart hus ekstra, og den øvre ramma vert auka tilsvar­ande med kr 10.000

4.3 Vilkår for tilskot.

  • Vatnet skal oppfylle krava til godt drikkevatn.
  • Teknisk etat skal ta vassprøve for bakteriologisk og fysikalsk/ kjemisk undersøking.
  • Teknisk etat skal godkjenne an­legget før evt. tilskot vert ut­betalt.
  • Som dokumentasjon for kostnaden skal det leggjast fram kvitterte rekningar.
  • Det må gå klart fram av rekninga kva som er gjort utomhus og inn­omhus.
  • Tilskotsordninga kan ikkje nyttast saman med andre tilskot til det same føremålet.
  • Det vert gjeve tilskot bare ein gong til same bustad.
  • For anlegg som dekkjer vassfor­syning både til bustadhus og husdyrhald (evt. anna verksemd) skal tilskotsgrunnlaget delast i høve til forbruk.
  • Vanleg brukte normtal skal nyttast ved utrekning av forbruk til ulike føremål.
  • Deling skal gjerast før eigendelen vert trekt frå.
  • Anlegg eller delar av anlegg som kan utgiftsførast i driftsrekneskap vil normalt ikkje vere grunnlag for tilskot.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?