Innbyggjarappen Friskus

Friskus gjev deg enkel tilgang på informasjon og sjølvbetjeningsverktøy på smarttelefonen din. 

Du får målretta informasjon frå kommunen basera på dine valde kategoriar. 

Dei kategoriane du vel er dei som vil dukke opp som nyhende i appen, og som du vil få pushvarsel på. 

Døme: dersom du ynskjer å fylgje med på kva for stillingar som blir lyst ut, så vil du få varsel kvar gong det blir lagt ut noko nytt når du har vald kategorien Ledige stillingar. Du kan når som helst endre kva for kategoriar du ynskjer å fylgje under Mine val.

 

I appen er det ei fane som heiter Sjølvbetjening. Her har me lagt inn snarvegar til sider me tenkjer kan vera nyttige. 

 

Når det gjeld varslar innan kategorien beredskap og krisevarsling så vil alle som har lasta ned appen få varsel, uavhengig om det er huka av for denne kategorien eller ikkje.

 

Meir informasjon om korleis du lastar ned appen finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?