Postliste
Postliste til Tokke kommune finn du her Lenke til et annet nettsted.
Du kan søkje i postlista via Elements publikum og bestille innsyn i dokument. Pga. kvalitetssikring blir opplysingar lagt ut 2 dagar etter registrering.
Alle har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument, med unntak av dokument som ikkje er offentlege heimla i lov. Sjølv om eit dokument kan haldast unna offentleggjering, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel bør kunne gjerast kjent heilt eller delvis (meirinnsyn).
Dokument på offentleg postliste publiserast ikkje i fulltekst.
Politiske saksdokument er tilgjengelege i fulltekst.
Innhald i offentleg postliste
Postlista viser inn- og utgåande brev ført i kommunen sitt sak- og arkivsystem.
Bestilling av innsyn i postlista til Tokke kommune
Opplysingar om dokument, kan du søkje fram direkte på̊ postlista og fylle ut bestillingsskjema. Krav om innsyn skal avgjerast utan ugrunna opphald, jf. offentleglova § 29. Du har rett på svar i løpet av tre verkedagar. Om ikkje svar er motteke i løpet av fem verkedagar, er det å rekne som eit avslag som kan klagast på̊.
- Gå inn på postlista Lenke til et annet nettsted. og klikk på dokumentet du vil bestille.
- Trykk på knappen «Bestill innsyn».
- Gå til symbolet «handlekurv» nedst i venstremenyen.
- Fyll inn namn og e-postadresse og klikk på knappen «Send bestilling».
- Til slutt må du verifisere bestillinga. Du mottek ein e-post til den e-postadressa du ga i bestillinga. E-posten du skal verifisere kan kome som "søppelpost".
- Bruk funksjonen eDialog Lenke til et annet nettsted.viss førespurnaden inneheld personlege opplysningar.
- Finn du ikkje dokumentet, kontakt postmottaket via eDialog Lenke til et annet nettsted. eller på postmottak@tokke.kommune.no.
- Du kan være anonym og treng ikkje å grunngje kvifor du ber om innsyn.
Behandling av innsynsførespurnadar
Me behandlar førespurnaden innan ein til tre verkedagar. Ved større førespurnader kan det ta lengre tid. Då vil du få eit førebels svar.
Politiske saker og møtedokument er tilgjengelege som fulltekstdokument via møtekalender Lenke til et annet nettsted. på heimesida.
Avslag på krav om innsyn
Dokument kan unntakas offentleggjering etter lov og forskrift, og meiroffentlegheit vurderast ved innsynsførespurnad.
Rettleiar til offentleglova (regjeringen.no) Lenke til et annet nettsted.
Offentleglova (lovdata.no) Lenke til et annet nettsted.
Avslag på krav om innsyn vil koma skriftleg og vil vise til aktuell lovheimel for avslag og opplysing om 3 veker klagefrist jf forvaltningslova § 29. Sjølve klageprosessen er nærare beskrive i offentleglova § 31 og § 32.
Saker som ikkje er på postlista
Saker som omhandlar personal, elever eller barnehage er ikkje på postlista. Pasient- og klientsaker blir ført i eigne fagsystem og postlister frå desse systema blir ikkje publisert på Internet av omsyn til personvernet.
Partsinnsyn er heimla i forvaltningslova § 18. Eventuelle spørsmål om innsyn i slike saker må̊ rettast direkte til aktuell eining.
Pris på innsyn
Pris for innsyn er i utgangspunktet gratis, jf. lov om rett til innsyn i dokument § 8, men er sidetalet over 100 kan kommunen krevje betalt for utskrifter, kopiar og utsending.
Partsinnsyn etter forvaltningslova
Etter forvaltningslova har partane i ei sak rett til innsyn i dokumenta i saka. Dette gjeld og tausheitsbelaga opplysningar.
Eksempel på opplysningar: dokumentasjon frå skule og barnehage, søkarlister og kommunale avgifter.
Bestilling av dokument ved partsinnsyn
Bruk funksjonen eDialog Lenke til et annet nettsted. som du finn på heimesida vår.
I bestillinga må du spesifisere kva du ber om innsyn i: kva for opplysningar, årstal eller tidsrom, anna nyttig informasjon og kontaktinformasjon.
Sist oppdatert
